Eg har (førebels?) brukt "Scene-referred" og "display-referred" utan omsetjing i ordforklaringane for GIMP. Finst det norske ord for desse? Kolbjørn
Den 02.06.2017 18:36, skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Den 02.06.2017 17:44, skreiv Thomas Nygreen:
«Display-referred» er eit adjektiv. Det beskriv bilete som er gamma-korrigerte så dei kan visast på ein skjerm eller trykkast på papir (lysnivåa i biletet er relative til korleis vi oppfattar lys). Det motsette er «scene-referred» der biletet gjengir lysnivåa rått og ukorrigert (relativt til scena).
Men den norske terminologien kjenner eg ikkje.
Takkar for ei grei og for meg forståeleg forklaring. Nå er det berre å vente på kva dette er eller skal bli på norsk. Dette er langt utanom mine fagområde, så her treng eg hjelp. Kolbjørn
-thomas
2017-06-01 22:47 GMT+02:00 Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>:
Det dukkar stendig opp nye problem for meg. Denne gongen "The phrase "display-referred" refers to images that can be displayed (either directly or by means of ICC profile color management) on devices. The displaying device might be a monitor, or an image printed on paper, or some other display technology." Altså kva skal "display referred" omsetjast med? Er det eigentleg nokon skilnad på "display image" og "display-referred"? Eller kanskje det er for seint på kvelden for meg. Kolbjørn