Petter Reinholdtsen skreiv 21.09.2022 19:50:
Hva er en god oversettelse av begrepet 'localization', ofte forkortet til 'l10n'. Har sett flere, usikker på hvilken jeg synes er verst:
- lokalisering
- lokaltilpassing
- regionale tilpassinger
- regiontilpassing
- oversettelse
Tja, «oversettelse» er vel eigentleg verst, sidan l10n er så mykje meir enn berre omsetting. Eg siterer meg sjølv frå ein e-post til denne lista i 2020:
No lurer kanskje nokon på kva «l10n-no» i emneprefikset faktisk *står* for. Vel, L10N er ei litt artig form for forkorting. Det står for «localisation» eller «localization», altså eit ord som startar med bokstaven l, sluttar på bokstaven n og har 10 bokstavar mellom desse. Det finst òg noko som heiter I18N, som står for «internationalisation» (eller skriven med z). Ja, det er 18 bokstavar mellom i og n.
Det er L10N me driv me når me omsett dataprogram. Det vert av og til kalla «lokalisering» på norsk, men me kan med fordel kalla det språkversjonering. Det inneberer omsetting, men òg andre språk-, lands- og kulturtilpassingar, for eksempel slik at me kan skriva desimaltal med komma, ikkje punktum, i eit rekneark (utan å måtta endra manuelt på standardinnstillingar), at me automatisk får datoar viste på norsk format, at kalenderen av seg sjølv veit at 17. mai er ein spesiell dag for oss, eller at teksthandsamingsprogrammet som standard brukar A4-format og ikkje det amerikanske papirformatet Letter. I nokre tilfelle krev det òg at ein byter ut ikon, lydar eller andre mediefiler i programmet.
Ein føresetnad for L10N er I18N – «internasjonalisering» på norsk. Det er det som blant anna gjer at me kan bruka dei særnorske bokstavane våre æ, ø og å i dataprogrammet. I gamle dagar var dette slett ikkje sjølvsagt, men no er dei fleste programma bygde på rammeverk som gjev automatisk støtte for dette. (Likevel dukkar det framleis av og til opp problem med desse bokstavane.) Det er òg det som gjer at ein sjølv *kan* velja papirformat i teksthandsamaren eller køyra stavekontroll for andre språk enn amerikansk engelsk.