Måndag 27. april 2009 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Forslag til kva me skal setja om substantivet «build» til på norsk? Eksempel: ICU is not supported on this build
Eg likar ikkje heilt «bygg», spesielt ikkje som «eit bygg» eller «bygget». Det beste forslaget eg har komme på er «byggversjon».
Jeg bruker bygg og byggingen, som i "ICA er ikke støttet i denne byggingen". Enig i at det er tvilsom norsk. :)
eg likar betre "byggversjon" i denne samanhengen, men ville like vel seie "eg kompilerer eit nytt bygg".
For å klargjera for utanforståande: Det er eigentlig snakk om to litt ulike ting (som ein kanskje *kan* argumentera er det same).
Ein «build» er i utgangspunktet ei kompilering (bygging) av eit program. Vanlegvis vert program gjevne ut i versjonar, som 4.1, 4.2 eller 4.2.2. Men nokre prosjekt har òg starta med å gje ut for eksempel daglige eller vekentlige kompilerte mellomversjonar basert på utviklingskoden, som dei kallar for eksempel «daily builds» eller «nightly builds». Desse får gjerne namn som «build 8112». Det er vel kanskje dette «versjonssteg» skildrar(?).
Elles lagar du òg ein «build» kvar gong du kompilerer eit program. Nokre program støttar ulik funksjonalitet avhengig av kva andre program og programbibliotek som var installerte på maskina når du kompilerte programmet, eller av kva innstillingar du definerte ved kompileringa. Du kan du få meldingar som «ICU is not supported on this build». Kva som er støtta vert altså definert på kompileringstidspunktet, i motsetning til kva som er mogleg med «programtillegg», som kan gje tilleggsfunksjonalitet *etter* at programmet er kompilert, sjølv om tillegget ikkje var installert ved kompileringstidspunktet.
Det var dette siste eg forsiktig foreslo å kalla «byggversjon», og andre kallar «bygging» eller «bygg».