===== Original Message From Karl Ove Hufthammer lister@huftis.org ===== Axel Bojer axelb@start.no skreiv i innlegget news:OF483D4D3A.B6E91154-ONC1256BFB.004E0430@akershus-f.kommune.no:
Som oversettelse for «njusgruppe» kan man bruke «gruppe på USENET»
Meiner du det alvorlig? Dette er altfor langt til å vera brukande til noko som helst.
«Vevbaserte» og «USENET-baserte» diskusjonsgrupper er då ikkje så vanskelege å
skilja mellom? Omskriving med «USENET» er godt brukande når ein treng presisera kva for type diskusjonsgruppe det er snakk om. «News» er etter mi meining direkte misvisande, og eg tvilar på at andre enn dei heilt innvidde skjønar kva «njus» er for noko. (Mange vil dessutan le seg i hel, det er litt farleg det og ;-)
Eg går med på å ta ordet med i ordlista («njus» er trass alt betre enn «news»), men eg kjem nok aldri til å bruka det sjølv.
Vi har ingen problemer med uttalen av «oppsprettsmeny».
For meg er «oppsprett» og «sprettopp» ~like gode ord. Dei er nøyaktig like lange, har like mange stavingar, og har same tydingsinnhald. Den *einaste* forskjellen er at eine har ein vanskeligare konsonantkombinasjon. Dette er for meg ein grunn til å velja det «lettaste».
Minst tre personar synest «oppsprett» kling betre og dessutan let seg uttala heilt greitt. Men «sprettopp» er sjølvsagt greitt nok (eg ser argumentet ditt), og for min del har eg ingenting imot å standardisera på «sprettopp».
No er det på tide å ta helg ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes