Måndag 13. mai 2002 02:49 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com writes:
Laurdag 11. mai 2002 00:28 skreiv Lars Nestås Mathisen:
"Bootable CD" har omsett til "Oppstarteleg CD"
Vanskeleg, kjem ikkje på noko betre nett no.
"Lag oppstartscd" om det passar i samanhengen.
Det høyrest i grunnen veldig bra ut.
("cd" eller "CD"? eg meiner fyrstnemnte.)
Eg ville nok gått for «CD», men skrivemåten er visst valfri. Uansett ville eg hatt med ein bindestrek.
"Enable Burn-Proof" til "Aktiver trygg skriving"
«Burn-Proof» bør truleg ikkje omsetjast, det er eit særnamn. Eg har ein brennar med Burn-Proof, men ville nok ikkje skjønt kva det handla om.
eg har ein NEC der dette heiter "Just link", så eg synest det kan ha noko for seg å omsetje. kompromiss:
"Bruk trygg skriving (Burn-Proof)"
Ja, det forklarar i grunnen nokså godt.
"Overburn" til "Brenn over" (etter dansk og svensk mal... ) ?? veldig fuzzy :)
Du har brukt «skriv» andre stader, har du ikkje? Men «skriv over» er i grunnen noko anna ... Kva med
nei, _noko_ må vi omsetje det med ;-)
Hmm, ja ;-) Eg hadde tenkt å føreslå noko med grense eller kapasitet, eg og.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes