Petter Reinholdtsen skreiv 22.09.2020 13:11:
Jeg har lagt inn verdier som mangler, fjernet duplikater og utdatete oppføringer, samt fikset en god del feil. Før jeg sender dem inn til utviklerne hadde det vært fint med korrekturlesing. Spesielt de delene merket lang="nb" i nn.xml trenger innspill fra noen med mer nynorskpeiling enn meg.
Eg har no gjort ei korrekturlesing, men eg ser no eg gjorde det på feil grein (eg brukte «master»). Så eg må gjera det på nytt. Men eg ser det er fleire endringar frå master til «updated-nb-nn» som ser ut til å gå i feil retning, dvs. frå rett til feil. Så eg spør derfor først på denne lista:
Oppføringar som:
<gentext key="Chapter" text="Kapittel"/> <gentext key="chapter" text="Kapittel"/>
I «master» var variant to «kapittel», altså med liten forbokstav, som eg meiner er rett. Det er det me brukar på norsk; me skriv for eksempel «sjå kapittel 5», ikkje «sjå Kapittel 5» (i motsetnad til på engelsk, der dei brukar stor forbokstav i «Chapter», «Table» osv.). Nokon grunn til at dette er endra?
Eg ser eg har rundt 100 endringar i diff-fila, og eg har endra der eg var sikker, men her nokre ting eg meiner me bør diskutera på lista først:
<gentext key="Bibliography" text="Bibliografi"/> <gentext key="bibliography" text="bibliografi"/>
Det er vanleg å kalla overskrifta her «Litteratur» på norsk. Er det OK? (Ein annan variant er «Kjelder». Eg minnest me har diskutert noko liknande på lista her før?)
<gentext key="Pgs" text="Sider"/> <gentext key="pgs" text="sider"/>
I kva samanheng brukar er dette brukt? Merk at me alltid brukar eintalsformer i referansar på norsk, eks. «sjå side 4–13», «sjå tabell 3.15–3.17», «sjå figur 10 og 11», i motsetnad til på engelsk, der ein skriv «pages» («pp.»), «Tables» og «Figures» når ein referer til meir enn éi side eller éin tabell/figur.
Det er generelt eit problem at det er vanskeleg å forstå i kva samanheng dei ulike tekstane i XML-fila vert brukt. For eksempel, korleis vert <template name="sect2">%n. %t</template> brukt? Finst det eit eksempeldokument som illustrerer korleis *alt* vert sjåande ut til slutt? Eg meiner me helst bør ta ein veldig grundig gjennomgang, for å sikra at alt vert rett.
Men viss eg forstår <template name="sect2">%n. %t</template> rett, er det at ei nivå 2-overskrift vert formatert slik:
3.1. Innføring
Der mellomromet etter punktumet skal vera eit hardt mellomrom. Stemmer det? (I så fall er det feil; me brukar ikkje punktum etter overskriftsnummer på norsk.)
Om desse:
<gentext key="nav-prev-sibling" text="Raskt bakover"/> <gentext key="nav-next-sibling" text="Raskt framover"/>
Dei var rare. Kva er meint her?
Når det gjeld spørsmål om «section», er det vel snakk om inndelingar markerte med ei overskrift. Det kallar me vanlegvis «avsnitt» på norsk. Det er sjølvsagt i teorien tvetydig (eit avsnitt er jo òg ein «paragraph»), men i praksis er det ikkje noko problem, for eksempel i referansar som «sjå avsnitt 3.5 på side 87».
Når det gjeld <dingbat key="bullet" text="•"/>, så er det rett som Kolbjørn seier, at me brukar (kort) tankestrek på norsk, altså «–». Det er uproblematisk å skriva han direkte i teksten; ein treng ikkje bruka teiknreferansar som – eller –. (Forresten, som eit apropos, ein av kjepphestane mine er at dette heiter *teiknreferansar*; det er *ikkje* entitetsreferansar. For eksempel «"» ein entitetsreferanse, til entiteten med namn «quot», som har verdien «"», mens " òg refererer til same teikn «"», men er ikkje ein entitetsreferanse.)