Videresender kommentarer fra Jon Grepstad ang. retningslinjene.
Mvh Axel Bojer
-------- Opprinnelig melding --------
To merknader til dokumentet Språklege retningslinjer
Eg var ein snartur innom dei språklege retningslinje her: http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html
Eg har to merknader:
1
I avsnittet «Språknormalen» står det:
«Me brukar konsekvent læreboknormalen. Ein viktig grunn til det er at me ønskjer at programma skal kunna takast i bruk i skulen (sjølv om det enno ikkje har komme noko lov som seier at elektroniske læremiddel skal vera tilgjengeleg på dei to målformene, og etter læreboknormalen, slik me har for ikkje-elektroniske læremiddel).»
Merknad:
Det er feil at lova ikkje krev at elektroniske læremiddel (her medrekna kontorstøtteprogram) skal liggje føre på begge målformer.
Da vi fekk den nye opplæringslova og litt seinare forskrifta til lova, vart det fastsett at elektroniske læremiddel kom inn under kravet om parallellutgåver på lik linje med trykte læremiddel. Men det vart gjort unntak for kontorstøtteprogram (som departementet i denne samanhengen kalla «administrativ programvare»). Læremiddel vart i forskrifta § 17-2 andre ledd definert slik:
«Læremiddel vil her seie alle trykte eller ikkje-trykte element, enkeltståande eller slike som går inn i ein heilskap, og som aleine eller til saman dekkjer vesentlege delar av dei generelle måla i læreplanen, eller vesentlege delar av måla, lærestoffet, hovudmomenta eller hovudemna i eit fag etter læreplanen for eit visst klassetrinn eller kurs.»
Forskrifta ligg her: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/td-20060623-0724-044.html
Unntaket for kontorstøtteprogram («administrativ programvare») vart oppheva frå 1. august 2006. Med andre ord krev lova og forskrifta no at kontorstøtteprogram som skal brukast i skulen, skal liggje føre på begge målformer. Jf. http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/Ny_forskrift/
Unntak for gjort for «spesiell programvare som ikkje til vanleg blir nytta som kontorstøtteprogram»:
«§ 17-3. Unntak Kjeldestoff, bakgrunnsstoff, artiklar, aviser, oppslagsverk og liknande, både trykte og ikkje trykte, kjem ikkje inn under kravet om språkleg parallellutgåve sjølv ved regelmessig bruk. Det same gjeld spesiell programvare som ikkje til vanleg blir nytta som kontorstøtteprogram.»
Heile historia om dette kan lesast på mine eigne nettsider: http://home.online.no/~gjon/opplar.htm
2 Den andre merknaden min gjeld avsnittet «Nynorsk» der ein i to kolonnar fører opp former som skal brukast og former som ikkje skal brukast. Kolonnane har overskriftene «Føretrekt form» og «Forbudt form». «Forbudt» er bokmål. Korrekt nynorsk ville vere: «Forboden form». Men «forboden» høyrest svært strengt ut, så kanskje kunne ein som overskrifter heller bruke: «Bruk» og «Bruk ikkje», ev. «Tilrådd form» og «Ikkje tilrådd».
Det er mogleg eg har fleire merknader, men det var dette eg la merke til da eg som snarast var innom retningslinjene no i kveld.