http://i18n.skulelinux.no/kbabel-guide/kbabel_1.html handlar om KBabel 0.95, ser det ut som. Eit par feil: Bokmål vert berre kalla "Norwegian", og nynorsk vert kalla "Norwegian (Nynorsk)". Etter retningslinjene skal det vera "Norwegian Bokmål" and "Norwegian Nynorsk".
Kor mange eintals- og fleirtalsformer det skal vera burde også stått i rettleiingane våre. (Såvidt eg skjønar skal det vera 2.)
I KBabel 1.0.2 er det eit nytt felt i oppsettsdialogen: «Lokalisert namn». Kva dette er skjønar eg ikkje.
Onsdag 5. november 2003 14:25 skreiv Åsmund Skjæveland:
http://i18n.skulelinux.no/kbabel-guide/kbabel_1.html handlar om KBabel 0.95, ser det ut som. Eit par feil: Bokmål vert berre kalla "Norwegian", og nynorsk vert kalla "Norwegian (Nynorsk)". Etter retningslinjene skal det vera "Norwegian Bokmål" and "Norwegian Nynorsk".
Kor mange eintals- og fleirtalsformer det skal vera burde også stått i rettleiingane våre. (Såvidt eg skjønar skal det vera 2.)
Fiksa.
I KBabel 1.0.2 er det eit nytt felt i oppsettsdialogen: «Lokalisert namn». Kva dette er skjønar eg ikkje.
Ikkje eg heller ;-) Eg trur at det kan vera noko med at den lokaliserte varianten kan ha ikkje-vestlege teikn, medan det vanlege namnet må transkriberast til ASCII. Men eg anar ikkje om det stemmer ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes