Kva kallar me «endpoint» på norsk, for eksempel «AWS endpoint».
«Endepunkt», rett og slett?
Så vidt eg forstår, kan eit «endpoint» vera både ei nettadresse (til ei
eller anna teneste som er tilgjengeleg via eit API) og ei fysisk eining
som er kopla til eit nettverk. Men me kan kanskje bruka same omsetjing
for begge delar?
Ordet vert òg brukt i teikne-/grafikksamanheng, eks. om der ei pil eller
eit linjestykke sluttar (ev. òg startar). Der er det vel meir naturleg å
snakka om «sluttpunkt» eller omskrivingar med «slutt» eller «ende». Eg
ser for eksempel «endpoint colour» er omsett til «sluttfarge» (det var
snakk om fargen på slutten av ein fargeovergang).
--
Karl Ove Hufthammer