Viss det er nokon bokmålsomsettarar som lurer på kva dei skal prioritera å setta om, er svaret klart: kdelibs4.po
kdelibs4.po er no under 90 %, og dette medfører at bokmål ikkje lenger oppfyller krava til å vera med i neste KDE-versjon basert på trunk (KDE 4.1): http://l10n.kde.org/stats/gui/trunk-kde4/essential/
(For «stable» er alt 100% og altso i orden.)
Eg har nett oppdatert fila for nynorsk (som låg på omtrent same nivå), og det gjekk kjapt og smertefritt. Det er mest småendringar av dei same tekstane i «stable», og mange tekstar er berre å markera som «klare» igjen, ev. etter å ha lagt til eller fjerna eit punktum eller andre småting. Men viss de har muligheit for det, vil eg sterkt anbefala å bruka Lokalize frå KDE 4 til omsetting, då denne har ei diffvising som viser nøyaktig kor endringane er.