Eg har no gjort nokre endringar i systemet for oppdatering og innsending av KDE-omsettingar. Den viktigaste endringa er at forslag til uklare omsettingar vert henta frå *alle* omsettingsfilene, ikkje berre for dei andre tekstane i fila. Dette vil forhåpentligvis spara oss for mykje tid, og gje betre omsettingar.
Det er verdt å merka seg at tekstar som:
msgctxt "NAME OF TRANSLATORS" msgid "Your names"
òg har blitt automsett, til Klaus Ade Johnstad for bokmål, Gaute Hvoslef Kvalnes for nynorsk og Børre Gaup for nordsamisk. Viss ein kjem til slike tekstar som er merkte som uklare, er det altso berre å byta dei ut med sitt eige namn (viss dei er merkte som omsette, bør ein som før berre legga til sitt eige namn).
Ei anna endring er at omsettingsfilene for hjelpetekstane ikkje lenger vert oppdaterte og sende inn. Grunnen er det tar veldig lang tid (fleire timar) å gjera dette, og ingen held aktivt på med omsetting av dei likevel. Viss nokon gjer noko omsettingsarbeid på desse filene, er det berre å seia ifrå her på lista, so kan eg oppdatera dei og senda dei inn som før.