Hei, alle saman.
I Ubuntu-leira kom vi over noko vi først trudde var ein feil med våre språkpakker, men viste seg til å ha ei meir naturleg forklaring. VLC har ikkje vore å oppdrive på bokmål sia Lucid, altså april i fjor.
VLC manglar rett og slett ein person til å halda bokmålen ved like, og omsetjinga ser ut til å ha forfalle ettersom nye versjonar har rulla ut. Eirik U. Birkeland, ansvarleg for nynorskomsetjinga, kan fortelje at
«Om ein ser på omsetjingsstatistikken – http://www.videolan.org/developers/i18n/vlcstat.php – så ser ein at det berre er 93 omsette strengar i bokmålsfila, noko som nok er for lite til at den språkversjonen vert utgjeven med programmet. Truleg har det skjedd mange tekstendringar i programmet, eller endringane har ikkje vorte gjorde på rett måte, slik at ein har mista ein del. Men som du ser, er det veldig mange meldingar som har uklar-status i fila, slik at ein nok relativt enkelt kan få mange fleire omsette meldingar.»
VLC er vel såpass utbreidd at vi bør sjå det her som ein betydeleg mangel? Nesten 56% av strengane har uklar-status, så som sagt, det skal kanskje ikkje mykje til for å stable bokmålsstøtta på føtene.
Vil ein heiderleg person melde seg til å vera ansvarleg?
Kontakt: http://www.videolan.org/developers/i18n/vlc-howto.html Språk og omsetjingsansvarlege: http://www.videolan.org/developers/i18n/
-- Ole Andreas Utstumo Ubuntu Norwegian Translators, admin
On 11/02/11 14:05, Ole Andreas Utstumo wrote:

i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Hederlig mann melder seg til tjeneste.