Hei
Eg har gjort ferdig debian-installer.po for nynorsk i jula. Eg har gått igjennom alle strengane og språkvaska dei som allereie var omsett også. Eg ser at bokmålsomsetjinga treng ein del språkvask også.
Nokre ord eg lurer på:
Release-fil: I samband med apt så har ein release-filer og pakke-filer. Kva er desse release-filene, og er det eit godt norsk uttrykk som kan skildre dei bra?
Gateway: Dette var i utgangspunktet omsett til portnar-rutar på nynorsk, og standardruter på bokmål. Eg synes portnar-rutar er noko tungt så eg brukte standradrutar for nynorsk også. Eg sette («gateway») i parentes også ein stad for at folk som er vane med det engelske uttrykket ikkje skal bli heilt omskyfla når dei støyter på eit «nytt» uttrykk.
(re)boot(loader/system): Desse uttrykka har eg skrive om så «boot»-uttrykket ikkje er brukt i omsetjingane. Dette var delvis gjort på bokmål, men bør gjerast konsekvent der også.