ty. den 15. 01. 2019 klokka 23.43 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Eg ser at "notebar" i LibreOffice er omsett til notisblokk, notisbok, notatblokk og liknande på bokmål, nynorsk, dansk og svensk. Dette er nokså misvisande, men forståeleg «feil» ut frå opphavsordet.
du meiner "notebook bar".
"https://help.libreoffice.org/Common/Using_the_notebook_bar/nb"
"Notebar" er ei menyliste eller verktøyliste der ulike funksjonar og kommandoar er samla i grupper øvst på skjermen, stort sett med ulike symbol (ikon) i staden for tekst for dei ulike handlingane. På tysk har dei i dei fleste tilfella brukt «Symbolliste». Etter mi meining eit betre ord. (Sidan eg helst bruker «symbol» i staden for «ikon» i slike samanhengar, ser eg bort frå «ikonliste»).
Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker. Eg trur det er det same som Microsoft kallar "ribbon", som dei har omsett med «band» og med denne forklaringa: "The part of the Microsoft Office user interface above the main work area that presents commands and options to the user. The Ribbon replaced menus and toolbars starting in the 2007 Microsoft Office system." Nokre meiningar?
eg synest generelt det er best å følge terminologien til Microsoft med mindre den er heilt frykteleg. "band" er OK etter mitt syn, eg kjem ikkje på noko betre. synest å blande "symbol" inn i dette er svært uheldig. ein må snakke om funksjonen, ikkje utsjånad.
eitt alternativ kunne vere "oppgåveoversikt", sidan dette bandet har fleire faner for ulike oppgåver, men det kan fort vere uheldig bruk av omgrep i ein programvaresuite som kan omfatte prosjektstyring og "tasks". "verktøyband" er kanskje meir forklarande enn berre "band"? eg stemmer for "band" eller "verktøyband".