Tysdag 20 januar 2009 22:07:49 skreiv Axel Bojer:
Åsmund Skjæveland skrev:
Har me eit bra ord for «input method»? Dette refererer visst til metodar for t.d. å skriva teikn ein ikkje har på tastaturet, eller skrivemåtar for handikappa. Eg har brukt «inndatametode» før, men eg likar ikkje ordet. Kan ein bruka «skrivemåte» eller «skrivemetode», eller vil det bli feil eller misforstått nokon stad?
Eg er litt overraska over at ingen har sjekka fellesordlista. Der står det «skrivemetode».
Så på http://www.microsoft.com/globaldev/tools/MILSGlossary.mspx og lastet ned zip-fila, men det ser ut til at den ikke er i rent tekstformat. Noen som vet hva som må til for å lese den?
Eg fann ikkje noko på den sida, om det er den fila eg trur du tenkjer på, er formatet UTF16. Ho kan konverterast med «iconv -f utf16».
Ordet forekommer i OpenOffice.org også. og er oversatt med «skrivemetode» der, slik du foreslår. Tenkte på noe i retning av inntastingsmetode, men tror da «skrivemetode» er bedre.
«Skrivemetode», «tastemetode» og «inntastingsmetode» er alle brukte i brukarmanualar for fleire mobiltelefonar (om T9 og andre metodar). «Inntastingsmetode» er kanskje det mest presise; «skrivemetode» er mindre intuitivt, men ikkje eit dårleg ord. «Inndata» er ei dårleg omsetjing av «input» i denne konteksten, men det er eit argument at det er brukt på Mac. Alt i alt landar eg på «skrivemetode» til liks med fellesordlista.
Erik