On lør, 2004-07-31 at 15:55 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme kjetilho@ifi.uio.no skreiv:
Det er eit unødvendig, uforståelig engelsk ord. Dette i motsetning til reklame.
reklame kjem frå fransk, spam kjem frå engelsk.
Etymologien er ikkje av interesse. Dei fleste (?) norske orda kjem opphavlig frå andre språk.
det var du som tok opp etymologi, eg poenget mitt var nettopp det: svært mange av orda som vi oppfattar som rotnorske og naturlege ord kjem utanfrå.
den store skilnaden. "spam" som uteljeleg substantiv og "spamme" som verb er utan tvil godt etablert i norsk allereie, og dei lot seg lett integrere i det norske ordtilfanget. litt snodig at du seier ordet er unødvendig, når der ikkje finnest noka dekkjande omsetjing på norsk.
Eg meiner «reklame» er dekkande. Eg synest det er unødvendig å komma med eit heilt nytt ord berre fordi reklamen kjem i e- postkassane og ikkje dei fysiske postkassane våre. Det er snakk om heile same fenomen!
slett ikkje. det er ikkje utan grunn til at ein skil mellom addressert og uaddressert reklame i papirpostkassa. eg vil ikkje ha noko reklamefilter på mi e-postkasse, eg ønskjer å få reklamen frå Rockefeller, BLÅ, CDON, play.com osv. derimot vil eg svært gjerne verte kvitt spammeldingar.
Om ein snakkar om reklame i e-posten forstår alle, sjølv mor mi, kva det er snakk om, heilt utan forklaring. «Spam» må forklarast.
det er eit par år sidan eg sist møtte nokon som ikkje visste kva "spam" var. forslag om "norske" erstatningsord som "e-pest" har landa pladask. "søppelmeldingar" er kanskje den sterkaste kandidaten.
Når ein skal velja mellom eit eksisterande, godt kjent ord (eventuelt med ei naturlig umiddelbar forståelig utvida tyding) og eit ordmessig uforståelig nytt nerdeord synest eg alltid ein bør velja førstnemnte.
og eg er mot ei forflating av språket. det er nyansane som gjer oss rike.