Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 04 november 2007 skreiv Axel Bojer:
tag -s merke, etikett, tagg (i kode) tag -v merke, oppmerke, velge (ut)
altså ingenting med merkelapp :-P
Denne mangelen har eg no retta opp i. :-P
Det er vi da vel ikke blitt enige om? Dette er vel et fellesprosjekt der vi er sammen om å avgjøre formuleringene. Om alle er enige i endringen er jo det vel og bra,men det var vel ikke kommet så langt.
Så vidt jeg kan huske endret vi fra tidligere merkelapp til etikett da det var hva vi ble enige om,
For det første: Nei, du hugsar feil; det var tvert om. Me endra omsettinga av «label» *frå* «etikett» *til* «merkelapp», sidan sistnemnte var meir «rotnorskare». «Etikett» var me einige om var unødvendig utanlandsk.
For det andre: Tydinga av «tag» er i denne samanhengen identisk med tydinga av «label», so eg synest det er heilt unødvendig å ha to forskjellige ord. (Merk «tag» kan ha fleire tydingar, for eksempel som «tagg» i språk som XML, so me kan ikkje slå saman oppføringane.)
For det tredje: Eg forstår eg ikkje korleis me kan bruka «merke» som omsetting for «tag» i dei samanhengane det her er snakk om. Det gjer rett og slett ikkje meining. Og det er ikkje den tydinga av «tag» omsettinga vart laga for, og ho naturlig nok ikkje eigna for denne tydinga. Omsettinga er ei direkte (feil?)overføring av «mærke» frå HSDGs danske ordliste. Å bruka «merke» om «tag» i den tydinga ho er brukt i dansk er fullstendig utan hevd på norsk i dei miljø omgrepet vert brukt, og dette inkluderer Skulelinux-omsettingane.
Ok, da lar vi merkelapp stå, da :-)
Hilsen Axel