On Fri, 2007-12-07 at 14:31 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Det er nettopp det som er meininga med desse e-postlistene, språklige retningslinjene og fellesordlista. Desse, og det er overordna prosjektet, er meint å vera ein samlingsplass for diskusjon rundt omsetting av *fri programvare*, og har ingenting med Skulelinux eller KDE i seg sjølv å gjera. (Det har for øvrig òg vore folk som har omsett ikkje-fri gratisprogramvare, som Opera, med på listene, og dette har vore godteke.)
denne lista er eldre enn både Skulelinux og GNOME. utgangspunktet er GNU gettext og Translation Project som François Pinard starta. eldste meldinga eg har til no@li.org er frå august 1995. i starten høyrte altså listene heime i li.org-domenet, men dette vart flytta til ein norsk tenar slik at det vart lettare å vedlikehalde lokalt. det var også då ein oppretta spesifikke lister for dei andre målformene (dvs. i18n-nb, -nn, og -sme) .
all omsetjing som skjer i po-filer kan andre prosjekt dra nytte av med automatiske verkty. eg synest også at generell diskusjon om norsk språkføring i applikasjonar er nyttig, uavhengig av lisens. om nokon t.d. ville diskutere terminologien i Word her, ville det vere positivt sidan ein kunne samordne betre med OpenOffice.org, KOffice, GNOME Office osv. eg vil altså ikkje utelate nokon her.