Takker for innspelet. Kapitlet dette står i er ei kort innføring i å lage makroar i LibreOffice. Det meste går ut på å lage makroane ved å gjere opptak av tastetrykka, men det er også tatt med eit lite avsnitt om å skrive makroar. Det er her dispatch (framework) kjem inn. Så kanskje det beste ville vere å skrive om kapitlet med litt meire forklaringar på kva systemet gjer. Sentralbordet, som du nemner, er svært dekkande for den tenesta funksjonen gjer. Takker for tipset.
Eg tar med den viktigaste delen av den opphavlege forklaringa:
The purpose of the dispatch framework is to provide uniform access to components (documents) for commands that usually correspond to menu items. Using *File > Save* from the main menu bar, the shortcut keys /Ctrl+S/, or clicking the *Save* icon are all of commands that are translated into the same “dispatch command”.
The dispatch framework can also be used to send “commands” back to the User Interface (UI). For example, after saving the document, the File Save command is disabled. As soon as the document has been changed, the File Save command is enabled.
A dispatch command is text, for example .uno:InsertObject or .uno:GoToStartOfLine. The command is sent to the document frame and this passes on the command until an object is found that can handle the command.
I eit eksempel i originalteksten er /dispatcher/ brukt som variabel definert slik: /dim sidpatcher as object/. Du kan finne den (førebels) omsette teksten på http://www.stuestoel.no/office/doku/dokumentasjon.php. Originalteksten på https://wiki.documentfoundation.org/Documentation/Publications.
Eg må nok også finne eit anna ord for "document frame" eller i det minste ei nærare forklaring. Eg reknar med at lesarane vil tenke på ei eller anna ramme som blir vist på skjermen rundt dokumentet .
Helsing Kolbjørn
Den 25.05.2015 02:12, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
On Sun, 2015-05-24 at 16:27 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Den 24.05.2015 14:54, Yngve Spjeld Landro skreiv:
Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no skreiv Sun, 24 May 2015 12:13:23 +0200
Eg *kan* nok oppfatta "dispatch network" som eit styringssystem/-program, men er usikker på om denne omsetjinga er meir villeiande enn opplysande.
Eg synest ikkje originaltermen heller er særleg opplysande i seg sjølv. Alt må tolkast i den samanhengen det står; norsk er ikkje annleis der. «Styringssystem» høyrtest ikkje dumt ut i mine øyre.
Grunnen til at eg spør er at eg reknar med at det er nokså få som programmerer eigne makroar. Så spørsmålet burde kanskje omformast til "Er dispatch framework så innarbeidd i den eventuelle brukargruppa at det vil vere forvirrande å omsetje uttrykket?" Sidan eg først er inne her: kva bør ein "dispatch command" eventuelt heite på norsk? «Styringskommando» dekker så nokolunde det han gjer, men igjen: er dette i dette tilfellet unødvendig flisespikkeri?
eg vil ikkje seie "dispatch framework" er så etablert at det ikkje bør omsetjast, men eg synest ikkje "styringssystem" eller "styringskommando" er dekkjande.
fyrst av alt, "dispatch" er gjerne "sentralbord" på norsk, f.eks. på ein taxi-sentral. altså, ein sentral der ein får inn henvendelsar og sender dei vidare til rette vedkomande med ledig kapasitet.
utifrå det du skriv, oppfattar eg dette som ein funksjon for å kalle andre funksjonar på ein uniform måte.
eg foreslår ei omsetjing i retning "(arbeids)fordeling", "vidaresending", "handtering".