Kjetil Torgrim Homme:
[Forhåpentligvis rett teiknkoding no.]
"vonlegvis", meiner du vel ;-)
Slett ikkje. :)
Her er nokre fleire former me vaklar mellom i nynorskomsettinga. Synspunkt på kven av dei me bør standardisera på? Favorittane mine er merkte med «*».
skilnad/forskjell* forslag*/framlegg døme/eksempel*
eg meiner tvert i mot, det verkar rart å nytte bokmålsorda når i eit språk med a-infinitiv.
Eg veit ikkje kva du meiner med «bokmålsord». Både skilnad, forskjell, forslag, framlegg, døme og eksempel er med i læreboknormalen, i både bokmål og nynorsk (ja, eg veit bokmål ikkje lenger har eit skilje mellom sideformer og hovudformer).
Elles synest eg *ikkje* me bør ta utgangspunkt i bokmål når me vel kva ord me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettinga. Nynorsknormalen vår bør stå på eigne bein, og ikkje vera definert som «det motsette av bokmål».
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
skriva over / overskriva
kan ein ikkje variere mellom desse avhengig av setningsbygnad?
Kan ein alltids, men i dei tilfella orda dukkar opp ser eg ingen god grunn til å velja den eine forma framfor den andre. Elles har eg ei svak kjensle som seier at «overskriva» hørest meir naturlig ut. (På same måte som eg synest det hørest heller unaturlig ut når Firefox melder at det «fører over» data.)
tolkefeil/tolkingsfeil
eg hellar mot "tolkingsfeil".
OK, då går me for det.
(sam)talen/-a
"ei samtale" er veldig framand for meg, og eg seier "ei potete", "appelsine", "maskine" osv. :-)
Hmm, og eg som nettopp har komme fram til at «ei samtala» og «ei avtala» er det naturlige for meg …
Hadde vore greitt med litt innputt frå dei andre som har bidratt til nynorskomsettinga av KDE (Gaute? Eirik?).