[Forhåpentligvis rett teiknkoding no.]
Her er nokre fleire former me vaklar mellom i nynorskomsettinga. Synspunkt på kven av dei me bør standardisera på? Favorittane mine er merkte med «*».
skilnad/forskjell* forslag*/framlegg trå/tre (i kraft) skriva over / overskriva tolkefeil/tolkingsfeil døme/eksempel* (sam)talen/-a
* Karl Ove Hufthammer (29.08.2008 17:08):
trå/tre (i kraft)
Eg meiner bestemt at det heiter "tre i kraft". Ordforklaringa i nynorskordboka kan tyde på at eg ikkje er åleine om den oppfatninga.
tolkefeil/tolkingsfeil
Eg tolka dette feil og trudde fyrst det var tale om "feiltolking", men eg reknar med at det er tale om "parse error" eller "parsing error", altså noko i retning av "greier ikkje å tolke". Eg held ein knapp på tolkingsfeil, men strengt teke er det vel heller ein skriptfeil (om det er tale om eit skript).
(sam)talen/-a
Nynorsk.org har valt tradisjonsforma (hokjønn), men eg er redd hankjønnsforma er vanlegare.
Erik
On Fri, 2008-08-29 at 17:08 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
[Forhåpentligvis rett teiknkoding no.]
"vonlegvis", meiner du vel ;-)
Her er nokre fleire former me vaklar mellom i nynorskomsettinga. Synspunkt på kven av dei me bør standardisera på? Favorittane mine er merkte med «*».
skilnad/forskjell* forslag*/framlegg døme/eksempel*
eg meiner tvert i mot, det verkar rart å nytte bokmålsorda når i eit språk med a-infinitiv.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
skriva over / overskriva
kan ein ikkje variere mellom desse avhengig av setningsbygnad?
tolkefeil/tolkingsfeil
eg hellar mot "tolkingsfeil".
(sam)talen/-a
"ei samtale" er veldig framand for meg, og eg seier "ei potete", "appelsine", "maskine" osv. :-)
Kjetil Torgrim Homme:
[Forhåpentligvis rett teiknkoding no.]
"vonlegvis", meiner du vel ;-)
Slett ikkje. :)
Her er nokre fleire former me vaklar mellom i nynorskomsettinga. Synspunkt på kven av dei me bør standardisera på? Favorittane mine er merkte med «*».
skilnad/forskjell* forslag*/framlegg døme/eksempel*
eg meiner tvert i mot, det verkar rart å nytte bokmålsorda når i eit språk med a-infinitiv.
Eg veit ikkje kva du meiner med «bokmålsord». Både skilnad, forskjell, forslag, framlegg, døme og eksempel er med i læreboknormalen, i både bokmål og nynorsk (ja, eg veit bokmål ikkje lenger har eit skilje mellom sideformer og hovudformer).
Elles synest eg *ikkje* me bør ta utgangspunkt i bokmål når me vel kva ord me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettinga. Nynorsknormalen vår bør stå på eigne bein, og ikkje vera definert som «det motsette av bokmål».
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
skriva over / overskriva
kan ein ikkje variere mellom desse avhengig av setningsbygnad?
Kan ein alltids, men i dei tilfella orda dukkar opp ser eg ingen god grunn til å velja den eine forma framfor den andre. Elles har eg ei svak kjensle som seier at «overskriva» hørest meir naturlig ut. (På same måte som eg synest det hørest heller unaturlig ut når Firefox melder at det «fører over» data.)
tolkefeil/tolkingsfeil
eg hellar mot "tolkingsfeil".
OK, då går me for det.
(sam)talen/-a
"ei samtale" er veldig framand for meg, og eg seier "ei potete", "appelsine", "maskine" osv. :-)
Hmm, og eg som nettopp har komme fram til at «ei samtala» og «ei avtala» er det naturlige for meg …
Hadde vore greitt med litt innputt frå dei andre som har bidratt til nynorskomsettinga av KDE (Gaute? Eirik?).
On Thu, 2008-10-02 at 16:02 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kjetil Torgrim Homme:
eg meiner tvert i mot, det verkar rart å nytte bokmålsorda i eit språk med a-infinitiv.
Eg veit ikkje kva du meiner med «bokmålsord». Både skilnad, forskjell, forslag, framlegg, døme og eksempel er med i læreboknormalen, i både bokmål og nynorsk (ja, eg veit bokmål ikkje lenger har eit skilje mellom sideformer og hovudformer).
Elles synest eg *ikkje* me bør ta utgangspunkt i bokmål når me vel kva ord me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettinga. Nynorsknormalen vår bør stå på eigne bein, og ikkje vera definert som «det motsette av bokmål».
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv. vi treng ikkje gå aktivt inn for samnorsk, heller.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
eg finn ikkje "trå" i denne tydinga i Nynorskordboka, kan du hjelpe meg?
skriva over / overskriva
kan ein ikkje variere mellom desse avhengig av setningsbygnad?
Kan ein alltids, men i dei tilfella orda dukkar opp ser eg ingen god grunn til å velja den eine forma framfor den andre. Elles har eg ei svak kjensle som seier at «overskriva» hørest meir naturlig ut. (På same måte som eg synest det hørest heller unaturlig ut når Firefox melder at det «fører over» data.)
"vil du skrive over fila" glir lettare enn "vil du overskrive fila", etter mitt syn. i andre samanhengar vil truleg "overskrive" vere betre.
Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Elles synest eg *ikkje* me bør ta utgangspunkt i bokmål når me vel kva ord me (ikkje) skal bruka i nynorskomsettinga. Nynorsknormalen vår bør stå på eigne bein, og ikkje vera definert som «det motsette av bokmål».
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv.
Me har *ikkje* lagt oss på ei konservativ linje. Dette har vore diskutert før. Nynorsknormalen vår er verken spesielt konservativ eller spesielt radikal; han er ein mellomting.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
eg finn ikkje "trå" i denne tydinga i Nynorskordboka, kan du hjelpe meg?
Eg forstår ikkje. Me kom jo fram til at det var «tre» som var det rette, både på bokmål og nynorsk.
On Sun, 2008-10-05 at 21:44 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
(er dette di eiga lokale tilpassing? "sundag" brukte å vere klammeform, eg vart litt overraska av å sjå i Nynorskordboka at denne forma no er jamstelt med "søndag".)

du kan seie kva du vil, men a-infinitiv vert oppfatta som konservativ, og ei iblanding av bokmålsord som "forskjell" og "forslag" skjer i augene stilmessig.
trå/tre (i kraft)
"trå" er bokmål, som Erik seier.
Nei, Erik seier ikkje det, og det stemmer heller ikkje. Det ser ut til at me skal bruka «tre» på både bokmål og nynorsk, men eg synest godt ordbøkene kunne vera klarare på dette.
eg finn ikkje "trå" i denne tydinga i Nynorskordboka, kan du hjelpe meg?
Eg forstår ikkje. Me kom jo fram til at det var «tre» som var det rette, både på bokmål og nynorsk.
åja, no forstår eg kva du meinte. orsak.
Måndag 06 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Sun, 2008-10-05 at 21:44 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 05 oktober 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
(er dette di eiga lokale tilpassing? "sundag" brukte å vere klammeform, eg vart litt overraska av å sjå i Nynorskordboka at denne forma no er jamstelt med "søndag".)
Nei, «sundag» har då so lenge eg kan hugsa vore standard for nynorsk- lokalet på Linux. Og på Windows òg, faktisk, om eg ikkje hugsar feil (Windows 95 og oppover, i det minste?).
Sjølv føretrekker eg «søndag», men har valt å bruka «sundag» i omsettingane, sidan det alt var etablert i nynorsklokalet, og eg synest det er veldig viktig at omsettingane er konsekvente.
For øvrig trur eg du blandar litt. Etter det eg kan sjå på http://www.sprakrad.no/Politikk-Fakta/Fakta/Rettskrivingsreformer/ var det «søndag» som var klammeform før 1959.
Om alle skulle vera einige om å gå over til «søndag», kan me godt gjera det, men då må altso lokaledataa oppdaterast òg (dei bør kanskje uansett sjekkast – er dei endelig rette no?).
det er greit nok, men når ein har gode og klassiske nynorskord, så synest eg vi skal bruke dei når vi fyrst har lagt oss på den konservative lina med a-infinitiv.
Me har *ikkje* lagt oss på ei konservativ linje. Dette har vore diskutert før. Nynorsknormalen vår er verken spesielt konservativ eller spesielt radikal; han er ein mellomting.
du kan seie kva du vil, men a-infinitiv vert oppfatta som konservativ,
Eg trur ikkje eg forstår kva du meiner med «konservativ». Alt i 1917 var a- og e-infinitv jamstelte (før det var a-infinitiv hovudregelen, og frå 1938 til 1959 var e-infinitiv klammeform). Etter 1959 har dei to formene igjen vore jamstelte. Det er ikkje noko konservativt med a-infinitiv. Det einaste ein kanskje kan seia er at a-infinitiv er noko *geografisk* plassert, med base på Sør-Vestlandet, men dette har ikkje noko med konservatisme eller radikalisme å gjera (med mindre du meiner sørvestlendingar er spesielt konservative :) ).
og ei iblanding av bokmålsord som "forskjell" og "forslag" skjer i augene stilmessig.
For meg er formene heilt naturlige. Eg trur heller oppfattingane har med dialektmessig forankring.
* Karl Ove Hufthammer (06. okt. 2008 20:23):
Eg trur ikkje eg forstår kva du meiner med «konservativ». Alt i 1917 var a- og e-infinitv jamstelte (før det var a-infinitiv hovudregelen, og frå 1938 til 1959 var e-infinitiv klammeform). Etter 1959 har dei to formene igjen vore jamstelte. Det er ikkje noko konservativt med a-infinitiv. Det einaste ein kanskje kan seia er at a-infinitiv er noko *geografisk* plassert, med base på Sør-Vestlandet, men dette har ikkje noko med konservatisme eller radikalisme å gjera (med mindre du meiner sørvestlendingar er spesielt konservative :) ).
Halve nynorsk-Noreg brukar A-infinitiv i skrift, men går du til nasjonale publikasjonar er e-infinitiven definitivt dominerande. Blant språkeliten er a-infinitiven ein uglesett markør for tradisjonalisme, blant nynorskbrukarar flest er han ein markør for Sørvestlandet.
Erik