Kjetil Torgrim Homme skreiv 06.05.2020 23:21:
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
eg tenkjer i utgangspunktet at "citation" er "referanse" eller "kjeldehenvisning", og "quotation" er "sitat", men det kan variere med kontekst.
Ja. «Citation» er her ein «falsk venn» og tyder *ikkje* sitering, men altså ein referanse til eit eksternt verk, for eksempel Aasen (1873). Detaljar om referansen står då typisk på slutten av dokumentet, under overskrifta «Litteraturliste», «Litteratur», «Kjeldeliste», «Kjelder», «Referanseliste», «Referansar» eller «Bibliografi».
Når eg omsette TeXworks til nynorsk, omsette eg «Insert Citation...» til «Set inn kjeldereferanse …». Ein kan òg kalla det berre «referanse» på norsk, men i den samanhengen syntest eg det var klarare om eg hadde med «kjelde-».
«Quotation» er nok sitat. Men i økonomisk samanheng kan det òg tyda pristilbod/anbod.