I LibreOffice er "citation" og "quotations" er begge omsette med «sitat» på bokmål og nynorsk. Fekk nettopp melding frå ein av utviklarane om at dette må vere to ulike ord. At dei er like, skaper problem for automatikken som lagar hjelpesidene slik at dei engelske orda blir brukte i staden for «sitat» i den norske omsetjinga.
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
Eg finn ingen eksempel der desse orda er brukte i LibreOffice. Er truleg namn på såkalla stilar. Då er det i tilfelle forståeleg at dei må vere ulike.
Kolbjørn
On Wed, 2020-05-06 at 22:09 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
I LibreOffice er "citation" og "quotations" er begge omsette med «sitat» på bokmål og nynorsk. Fekk nettopp melding frå ein av utviklarane om at dette må vere to ulike ord. At dei er like, skaper problem for automatikken som lagar hjelpesidene slik at dei engelske orda blir brukte i staden for «sitat» i den norske omsetjinga.
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
eg tenkjer i utgangspunktet at "citation" er "referanse" eller "kjeldehenvisning", og "quotation" er "sitat", men det kan variere med kontekst.
Eg finn ingen eksempel der desse orda er brukte i LibreOffice. Er truleg namn på såkalla stilar. Då er det i tilfelle forståeleg at dei må vere ulike.
jau, kan du spørje utviklaren om meir informasjon om bruken?
Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no skreiv Wed, 06 May 2020 22:09:22 +0200
I LibreOffice er "citation" og "quotations" er begge omsette med «sitat» på bokmål og nynorsk. Fekk nettopp melding frå ein av utviklarane om at dette må vere to ulike ord. At dei er like, skaper problem for automatikken som lagar hjelpesidene slik at dei engelske orda blir brukte i staden for «sitat» i den norske omsetjinga.
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
Ei omskriving kan vera "sitering" og "sitat"; ulike, men nær kvarandre.
Kjetil Torgrim Homme skreiv 06.05.2020 23:21:
Er det nokon praktisk skilnad mellom desse to engelske orda slik at vi kan setje dei om med to ulike norske ord? Kva passar i tilfelle best? Citation -> ? Quotations -> ?
eg tenkjer i utgangspunktet at "citation" er "referanse" eller "kjeldehenvisning", og "quotation" er "sitat", men det kan variere med kontekst.
Ja. «Citation» er her ein «falsk venn» og tyder *ikkje* sitering, men altså ein referanse til eit eksternt verk, for eksempel Aasen (1873). Detaljar om referansen står då typisk på slutten av dokumentet, under overskrifta «Litteraturliste», «Litteratur», «Kjeldeliste», «Kjelder», «Referanseliste», «Referansar» eller «Bibliografi».
Når eg omsette TeXworks til nynorsk, omsette eg «Insert Citation...» til «Set inn kjeldereferanse …». Ein kan òg kalla det berre «referanse» på norsk, men i den samanhengen syntest eg det var klarare om eg hadde med «kjelde-».
«Quotation» er nok sitat. Men i økonomisk samanheng kan det òg tyda pristilbod/anbod.
Karl Ove Hufthammer skreiv 07.05.2020 11:36:

Ser det var fleirtalsforma «Quotations» du viste til. I LibreOffice er dette ein avsnittsstil som gjev innrykk på både venstre og høgre side. På norsk kallar me det gjerne «blokksitat». (Og på engelsk er vel «block quote» eller «block quotation» det vanlegaste.)
Takkar for alle svara. Godt å ha gode folk å ty til. Då brukar eg blokksitat for quotations og sitat for citation. Håper dette også blir endra på bokmål.
Helsing Kolbjørn
Den 07.05.2020 11:55, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Karl Ove Hufthammer skreiv 07.05.2020 11:36:
«Quotation» er nok sitat. Men i økonomisk samanheng kan det òg tyda pristilbod/anbod.
Ser det var fleirtalsforma «Quotations» du viste til. I LibreOffice er dette ein avsnittsstil som gjev innrykk på både venstre og høgre side. På norsk kallar me det gjerne «blokksitat». (Og på engelsk er vel «block quote» eller «block quotation» det vanlegaste.)
Kolbjørn Stuestøl skreiv 07.05.2020 19:28:
Takkar for alle svara. Godt å ha gode folk å ty til. Då brukar eg blokksitat for quotations og sitat for citation. Håper dette også blir endra på bokmål.
Du meiner vel ikkje sitat for citation? Det var nettopp det det *ikkje* tydde!
Gjekk litt for fort i går. Brukte ikkje «Sitat» men «Kjeldereferanse» for "citation". Dette er ei førebels omsetjing. Må finne ut meir om i kva samanhengar ordet er brukt i LibreOffice. Kan bli endra seinare. Ser at tysk brukar «Literaturangabe», dansk: «Sitering», bokmål: «Sitat». Takk for at du følgjer med. Helsing Kolbjørn
Den 07.05.2020 19:50, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 07.05.2020 19:28:
Takkar for alle svara. Godt å ha gode folk å ty til. Då brukar eg blokksitat for quotations og sitat for citation. Håper dette også blir endra på bokmål.
Du meiner vel ikkje sitat for citation? Det var nettopp det det *ikkje* tydde!
[Kolbjørn Stuestøl]
Ser at tysk brukar «Literaturangabe», dansk: «Sitering», bokmål: «Sitat».
Den tyske er vel tilsvarende norsk 'litteraturhenvisning', hvilket slett ikke er en dårlig oversettelse det heller. :)