Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net writes:
On Sun, Nov 25, 2001 at 10:53:21PM +0100, Kjetil Torgrim Homme wrote:
Nei, uff. Eg trur ikkje eg ville omsett «session» i denne samanhengen. Evt. kan ein bruke forklarande tekst, «denne CD-en kan lagrast til i fleire omgongar (multi-session)». Dette er ganske perifert, teknisk språk, det er viktigare at teknikarar forstår dette enn vanlege folk.
MultiSession er vel gjerne eit merkenamn også?
Nei.
Vi snakkar her om ei brenneøkt, på same måten som ei arbeidsøkt på cden. Session er her brukt på same måten som vi har sett session før, eller misforstår eg?
Eg synest det er ein skilnad mellom kor lett det er for folk å forstå «å ta ei økt ved datamaskina» og å innføre eit nytt ord for «multisession», eit teknisk uttrykk som har vorte brukt uendra på norsk i snart tjue år.
Kjetil T.