Kjetil Torgrim Homme skreiv 23.03.2023 10:36:
på norsk seier vi "notatar", ikkje "notar". eg ser ikkje heilt kvifor vi treng gjere dette vanskelegare enn det?
Takk til Gramstad, Moshagen, Spjeld-Landro, Silli og Homme for mange forslag og gode refleksjonar.
Nokre kommentarar:
Annotere: Sjå separat e-post.
Merke: Dette er dessverre opptatt av andre merkjefunksjonar (eks. merking av tekst og biletutsnitt).
Påskrift/påteikning: Om det berre var snakk om skrift, hadde «påskrift» vore perfekt. Den aktuelle knappen kunne då heita «Legg til påskrift». Eg er òg freista til å bruka det sjølv om det òg er snakk om grafiske element. Når det gjeld «påteikning», er ikkje ordbøkene heilt einige i om «påteikning»/«påteikne»/«påtegne» tyder 1) det *same* som «påskrift», 2) signatur/signera eller 3) noko tilsvarande som «påskrift», men med teikningar eller mønster, ikkje tekst.
Innhaldsmarkering/-framheving/-markør: Igjen krasjar dessverre «markering» med ulike merkerings-/merkjefunksjonar i programma. Innhaldsframheving er betre, men er litt avgrensande på kva ein brukar funksjonen til. Og «innhald» er litt vagt.
Notat: Faktisk kallar me dette notar på norsk òg, jf. fotnotar og sluttnotar. Kanskje «biletnotat» kunne fungert? Men det er litt avgrensande, og viser kanskje mest til tekst. Dessutan er «notatrute» ein *type* «annotation» i programmet Okular.
Eg trur eg går for «påteikning». I NAOB er «påtegne» blant anna definert som «forsyne med tegning (mønster e.l.); tegne på», og det passar jo bra. I Bokmålsordboka er det berre definert som «forsyne med underskrift, signatur». Men med belegg i NAOB og ei naturleg tolking av ordet («påteikna» kan ein lett tolka som «teikna på») synest eg det brukbart. «Teikn(a) på» er kanskje ordmessig sett det same, men då ventar ein meir klassiske teikneverktøy, som i eit vanleg teikneprogram. Og det er ikkje det ein får i «annotate»-funksjonen (sjølv om ein *kan* teikna frihandslinjer i iallfall eitt av programma).
Eg synest substantivvarianten fungerer best, slik at knappen/menyvalet får teksten «Legg til påteikning». Då er det klarare at det er snakk om ei handling (står det «Påteikna», kunne det jo vera eit adjektiv). Eventuelt fleirtalsforma «Legg til påteikningar»? Eg er usikker på kva som er best. «Påfør påteikningar» er òg eit alternativ, men eg synest det høyrest litt rart ut. Eller kanskje berre «Påteikningar» kan fungera? Det er jo ganske kort, som er ein fordel. (Og i Okular heiter menyvalet berre «Annotations».)