Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?
Det umiddelbare og opplagte er jo "annotere". Er det noen spesiell grunn til at du styrer unna det?
Thomas Gramstad
On Tue, 21 Mar 2023, Karl Ove Hufthammer wrote:

Hei!
Kva med rett og slett «merke»? Det er jo det det handlar om - å merka (eller merka opp) (ting på) biletet.
Stutt, norsk, rett fram.
Sjur NM
21.3.2023 kl. 22:10 skrev Thomas Gramstad thomas.gramstad@ub.uio.no:
Det umiddelbare og opplagte er jo "annotere". Er det noen spesiell grunn til at du styrer unna det?
Thomas Gramstad
On Tue, 21 Mar 2023, Karl Ove Hufthammer wrote:
Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Kva med påskrift eller påteikning?
Få TypeApp for Android
21. mar. 2023, 20:10 kl. 20:10 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på
norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me
kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst
på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
Eit svært spanande og vanskeleg spørsmål.
Hovudframlegg:
* innhaldsmarkering - å innhaldsmarkera/ å skriva/laga ei innhaldsmarkering
I same «ånd»:
* innhaldsframheving - å innhaldsframheva
Eventuelt:
* innhaldsmarkør – å skriva/laga innhaldsmarkørar
(I tillegg har eg vurdert og forkasta mellom anna innhaldsmerke, innhaldsmerknad, ettermarkering, innteikning, attåtmerknad/attåtmarkering, tilleggsmerknad/tilleggsmarkering, hjelpetekst, hjelpepåteikning, hjelpemarkering.)
Grunnen til at eg. held ein knapp på innhaldsmarkering og/eller innhaldsframheving (framfor innhaldmerke og innhaldsmerknad) er at det passar best til bruk i bilete - iallfall i dei tilfella der «annotation» glid over i å vera ei kraftig endring av det opphavlege biletet (i form av innteikning av piler, geometriske symbol og anna). Ei «annnotation» – både skriftlege og grafiske «annotations» – vil også ofte innebera å markera/vektleggja visse aspekt av det som vert «annotated», og slik sett passar det også med «-markering/-markør». Innhaldsmarkering/Innhaldsframheving/Innhaldsmarkør er kanskje eit litt mindre intuitivt uttrykk når det handlar om å leggja inn ein forklarande (meta)merknad til ein tekst. (Men kanskje «innhaldsmarkør» i slike tilfelle vil passa noko betre enn «innhaldsmarkering/-framheving).
Det er nyttig å tenkja på kva ei «annotation» er. Ved å berre leita med søkjemotor i verdsvevenm, kom det fram at når det gjeld «annotation» av bilete, så er innhaldsmerkelappar – labels – svært sentralt.
Ei «annotation» er ei slags tolkehjelp – teksttolkehjelp eller bilettolkehjelp. Det er snakk om «påklista» tekst eller symbol eller geometriske markeringar (t.d. ein sirkel som markerar kvar du kan klikka – i eit biletkart) som er synleg i det endelege produktet, som ein del av verket, slik som med «annoterte» bilete, men på ein slik måte at det er (relativt) klart at det snakk om noko som skal hjelpa til med å forstå «sjølve» objektet.
Når diverse fotogalleriprogra – ved hjelp av sokalla kunstig intelligens (og medverknad frå fotografen) – identifiserer personane på fotografia, og let personnamna dukka opp på biletet, så er det og ei form for «annontation». Kor «inngrodd/fast» ei «annotationu» er i biletet, vil variera – i galleriprogram er det gjerne noko du kan slå av og på, medan i eit bilethandsamingsprogram, kan du leggja til «annotation» på ein slik måte at det vert ein del av biletet (les: biletfila).
«Annotations» skal hjelpa oss å sjå kva vi ser. Eller å hjelpa oss å «sjå» kva vi les. Piler som peikar på detaljar i biletet, med ei tekst til pila, er difor ein naturleg del av bilet-annotations. Medan ei «annotation» til ein tekst, kanskje rettar merksemda mot kva slag fagterminologi eller historisk terminologi som er i bruk i teksten attmed.
I det XML-programmet eg har omsett i nokre år no,[1] er det eit par førekomstar av «annotated» – som eg til no har omsett med «oppmerkt» – fordi det var snakk om å laga geometriske figurar o.l. som skulle markera klikkbare område på biletkart. Eg vurderer no å gåver til innhaldsmarkering eller innhaldsmarkør.
[1] Sjå XMLMind XML Editor på https://xmlmind.com/xmleditor/
Leif Halvard Silli
Den 2023-03-21 20:09 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Enkelte program har ein «annotate»-funksjon. Eit eksempel er biletprogrammet Gwenview, der ein kan bruka funksjonen til å legga på blant anna tekst og (typisk raude) piler, sirklar og tal for å retta merksemda mot enkelte element på biletet. Men kva kan me kalla dette på norsk?
Hadde det berre vore snakk om tekst, hadde det vore greitt. Då kunne me kalla det kommentarar eller merknadar (med «Legg til merknad» som tekst på knappen/menyvalet). Men her kan det òg vera mange andre sortar biletelement. Nokon som har forslag til ei brukbar omsetjing?
to. den 23. 03. 2023 klokka 01.50 (+0100) skreiv Leif H Silli:
Eit svært spanande og vanskeleg spørsmål.
Hovudframlegg:
- innhaldsmarkering - å innhaldsmarkera/
å skriva/laga ei innhaldsmarkering
I same «ånd»:
innhaldsframheving - å innhaldsframheva
Eventuelt:
innhaldsmarkør – å skriva/laga innhaldsmarkørar
(I tillegg har eg vurdert og forkasta mellom anna innhaldsmerke, innhaldsmerknad, ettermarkering, innteikning, attåtmerknad/attåtmarkering, tilleggsmerknad/tilleggsmarkering, hjelpetekst, hjelpepåteikning, hjelpemarkering.)
om vi går tilbake til det engelske/latinske, så er "annotate" å skrive og feste eit notat. på norsk har vi orda notat og notere. eg har for meg å ha sett "pånotere", men fekk ingen treff på DDG eller i NAOB.
derimot fekk eg eit litt interessant treff på hjelpesidene for Kobo på dansk: "Tilføj noter ud for sætninger eller afsnit, som du er interesseret i."
på norsk seier vi "notatar", ikkje "notar". eg ser ikkje heilt kvifor vi treng gjere dette vanskelegare enn det?
Thomas Gramstad skreiv 21.03.2023 22:10:
Det umiddelbare og opplagte er jo "annotere". Er det noen spesiell grunn til at du styrer unna det?
Tja, ein grunn er at eg ikkje hadde det i mitt (norske) vokabular. Det står heller ikkje i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka (men i NAOB).
Det er så klart ei mogleg løysing, men eg rekar med det er ganske framand framandord også for andre, så eg vil helst unngå det.
Kjetil Torgrim Homme skreiv 23.03.2023 10:36:
på norsk seier vi "notatar", ikkje "notar". eg ser ikkje heilt kvifor vi treng gjere dette vanskelegare enn det?
Takk til Gramstad, Moshagen, Spjeld-Landro, Silli og Homme for mange forslag og gode refleksjonar.
Nokre kommentarar:
Annotere: Sjå separat e-post.
Merke: Dette er dessverre opptatt av andre merkjefunksjonar (eks. merking av tekst og biletutsnitt).
Påskrift/påteikning: Om det berre var snakk om skrift, hadde «påskrift» vore perfekt. Den aktuelle knappen kunne då heita «Legg til påskrift». Eg er òg freista til å bruka det sjølv om det òg er snakk om grafiske element. Når det gjeld «påteikning», er ikkje ordbøkene heilt einige i om «påteikning»/«påteikne»/«påtegne» tyder 1) det *same* som «påskrift», 2) signatur/signera eller 3) noko tilsvarande som «påskrift», men med teikningar eller mønster, ikkje tekst.
Innhaldsmarkering/-framheving/-markør: Igjen krasjar dessverre «markering» med ulike merkerings-/merkjefunksjonar i programma. Innhaldsframheving er betre, men er litt avgrensande på kva ein brukar funksjonen til. Og «innhald» er litt vagt.
Notat: Faktisk kallar me dette notar på norsk òg, jf. fotnotar og sluttnotar. Kanskje «biletnotat» kunne fungert? Men det er litt avgrensande, og viser kanskje mest til tekst. Dessutan er «notatrute» ein *type* «annotation» i programmet Okular.
Eg trur eg går for «påteikning». I NAOB er «påtegne» blant anna definert som «forsyne med tegning (mønster e.l.); tegne på», og det passar jo bra. I Bokmålsordboka er det berre definert som «forsyne med underskrift, signatur». Men med belegg i NAOB og ei naturleg tolking av ordet («påteikna» kan ein lett tolka som «teikna på») synest eg det brukbart. «Teikn(a) på» er kanskje ordmessig sett det same, men då ventar ein meir klassiske teikneverktøy, som i eit vanleg teikneprogram. Og det er ikkje det ein får i «annotate»-funksjonen (sjølv om ein *kan* teikna frihandslinjer i iallfall eitt av programma).
Eg synest substantivvarianten fungerer best, slik at knappen/menyvalet får teksten «Legg til påteikning». Då er det klarare at det er snakk om ei handling (står det «Påteikna», kunne det jo vera eit adjektiv). Eventuelt fleirtalsforma «Legg til påteikningar»? Eg er usikker på kva som er best. «Påfør påteikningar» er òg eit alternativ, men eg synest det høyrest litt rart ut. Eller kanskje berre «Påteikningar» kan fungera? Det er jo ganske kort, som er ein fordel. (Og i Okular heiter menyvalet berre «Annotations».)