On Fri, Aug 31, 2001 at 02:46:48AM +0200, Gaute Hvoslef Kvalnes wrote:
Fredag 31. august 2001 02:26 skreiv Roy-Magne Mo:
Hei,
Ser at ordet behandlar er brukt fleire plassar, og ganske konsekvent i KDE omsetjinga. Er dette ordet verkeleg eit godt ord i nynorsk samanheng?
Hadde det ikkje vore betre å bruke handsamar?
Jau, det kan godt henda. Eg har vakla litt fram og tilbake og kome til at ord som t.d. 'tekstbehandling' er nokså innarbeidde.
'Handtering' er kanskje og eit godt ord i nokre tilfelle. Eg veit 'vindaugshandterar' er brukt på svensk (med svensk skrivemåte, sjølvsagt) for 'window manager'.
Det er noke med alle be-orda som gjer at dette blir erke-dansk med ein gang. Teksthandsaming er ikkje så vanskeleg å forstå, og er vel brukt ein del det også?
Eg synest at handsamar fungerar betre enn behandlar, generelt så er det også eit betre ord uansett målføre.