Sigmund Hansen skreiv 08.06.2020 19:42:
Hvorfor ikke bare bruke "utplassere" for deploy?
Ser ikke at vi vinner noe med all denne rullingen.:)
"Rulle ut" er veldig mye brukt i næringslivet om IT-systemer. Mulig det ikke er så vanlig i akademia. Man kan også bruke det om det abstrakte: "Selskapet rullet ut en ny strategi".
Eg òg synest «rulla ut» er ei grei omsetting, for eksempel når det er snakk om operasjonen ein gjer når ein rullar ut eit nytt operativsystem eller program til mange maskiner. Men, avhengig av samanhengen, er det fleire alternativ, med ulike presisjonsnivå. Eksempel:
– setja i drift – setja i produksjon (og substantivet «produksjonssetting» – «deployment») – ta i bruk – leggja ut (eller inn) – senda ut
For eksempel ser eg at eg har omsett «Deploying image...» i ein samanheng med «Tek i bruk diskbilete …». Det synest eg fungerer heilt fint (i *den* samanhengen). Men for eit standarduttrykk som skal brukast i dei *fleste* samanhengar er kanskje «setja i drift» eit greitt førsteval. «Deployera» kjem iallfall på aller sisteplass! :)