Tor Harald Thorland:
Jeg kan godt ta grovarbeidet med å oversette til bokmål, hvis noen vasker den og retter opp etterpå.
Flott!
Du kan lasta ned omsettingsfila frå SVN-arkivet til enten Skulelinux eller Neverball. Nynorskomsettinga ligg i «nn.po». I KBabel kan du opna denne og ta «Verktøy | Endra | Set alle strengane som uklare». Etterpå er det berre å omsetta desse på vanlig måte, og senda resultatet til meg.
Dei som er interessert i å språkvaska (eller berre kosa seg med to fantastisk kule spel), kan lasta ned siste SVN versjon med:
svn co https://s.snth.net/svn/neverball/trunk
Ei bokmålsomsetting er sjølvsagt òg svært velkommen. Eg vil då sterkt anbefala å ta utgangspunkt i nynorskomsettinga. Omsettingane er vald og (brettskildringane) ombrekt med omhu, for å passa med blant anna avgrensa linjelengd, og er alle testa i spelet. (Neverball har mange brett, så det tok litt tid.)