[Denne e-posten handlar om sitecopy spesielt, og omsetjing generelt.]
Når du les dette, skal førsteutkastet til omsetjing av 'sitecopy' vera lasta opp i CVS -- katalog 'i18n/other/nn/sitecopy'. Eg har ikkje lest gjennom dette, berre gjort nokre kjappe testar, so det vil heilt sikkert innhelda feil av ymse slag. Føl fri til å gjera endringar.
Det er nokre uttrykk som ikkje er omsett, og nokre som er markerte 'fuzzy'. Her er ein kort gjennomgang:
Catch up Det har me snakka. Treng desperat forslag til omsetjing.
Chunk size Forslag? Me har òg feilmeldinga 'Error reading chunked response body'.
Response body/header 'body' trur eg kan kuttast ut, men kva kallar me 'header'? Eg har prøvd med 'hovud' og 'linje'. Det fungerer fint i f.eks. 'response header' ('svarhovud') og 'HTTP headers' ('HTTP-linjer'), men 'Malformed header line' er meir problematisk.
Remote Eg har brukt omsetjing 'fjern', men den hørest av og til litt, vel, fjern ut. Det er her snakk om 'fjerne filer' og 'fjerne nettstadar'.
Followed Er litt usikker på kor denne blir brukt.
Be quiet while performing the operation Be silent while perforing the operation Forslag til omsetjing?
The server does not support the executable live property. Denne forstår eg ikkje.
If this message persists, turn off safe mode. Slå på sikkermodus viss denne meldinga held fram. Usikker på kva eg skal omsetja 'persists' til.
Server does not allow partial GETs. Tenaren kan ikkje handtera delvise GET-kommandoar. 'delvise' hørest litt rart ut.
Non-recoverable error in resolver library. Kva kan 'Resolver library' omsetjast til?
Kva skal med setja om 'option' til? Eg ser det i bokmåls- og nynorskomsetjinga av kommandolinjeverktøya er brukt 'flagg'. Dette oppfattar eg som direkte feil, då eit flagg er noko som kan ta to verdiar (av/på) (jf. <URL: http://www.sra.co.jp/people/katsu/doc/jargon/flag.html >). Mange av dei 'option'-ane som er brukt, kan ta argument, og då blir det feil å snakka om flagg. Eg synest omsetjinga Gaute har brukt i KDE, val, er grei. Synspunkt?
Til slutt vil eg nytta høvet til å minna om at det på norsk alltid er mellomrom før % og ellipse (tre punktum). Det er det ikkje på engelsk.