On Tue, 2009-06-30 at 19:14 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Tysdag 30. juni 2009 skreiv Eirik U. Birkeland:
tracker → sporar
kanskje "oversiktstenar" kan duge?
Ja, det er greitt for meg. Kva synest andre?
Greitt nok, men kva med eit eller anna med «sentral» i seg? Filsentral elns.?
ein "tracker" har ingen filer, berre spør The Pirate Bay :-), men "-sentral" er ein god tanke -- "deltakarsentral" kan fungere.
Vel, det er då «bolk» som står oppført fyrst som omsetjing for «section» og som eg veit vert brukt i bokmålsversjonen av OpenOffice.org, så eg trur ikkje det skal vere noko problem. Er det andre som har innvendingar mot «bolk» som omsetjing for «chunk»?
Eg likar ikkje so godt «bolk». Går det an å rett og slett kalla det «del»? «Downloaded chuks» vert for eksempel til «Nedlasta delar».
då får vi altså ein del/delar ("pieces"/"chunks") og ein delar/delarar ("seeds"/"seeders"). eg har ikkje sett på dialogane i KTorrent, men vi skal vel ha litt uflaks for at det vert tvetydig.
eg føretrekk "bolk" framfor "del", men begge delar verkar greit for meg.
lurer forresten på om du (Eirik) har tenkt å fornorske DHT? KTorrent har kanskje ikkje støtte for DHT enno? for å kome deg i forkjøpet: det er nok like greit å ikkje endre stuttinga, mao. "distribuert hash-tabell".