Dan Åsen Hansen skreiv 05.04.2020 18:39:
Hehe, godt spørsmål - hva er forskjellen(e)?
Jeg har ingen erfaring med e-postlister som kommunikasjonsmiddel, og er rett og slett litt usikker på hvordan de fungerer :)
Ah! OK, la meg forklara. Kort sagt er ei e-postliste (eller e-postbasert diskusjonsliste) ein måte for ei gruppe menneske å kommunisera skriftleg om ei felles interesse, via e-post.
Først melder ein seg på lista (slik du – og no 39 andre – har gjort). Når ein sender ein e-post til listeadressa (l10n-no@lister.huftis.org), vert denne automatisk send vidare til resten av medlemmane. Nokon av dei kan så svara, og desse svara vert igjen sende ut til alle medlemmane.
Fordelen med e-postlister er at ein får diskusjonane direkte i innboksen sin; ein slepp å (hugsa på å) oppsøka eigne nettsider for å sjå om det har komme nye meldingar. Ein kan òg bruka det e-postprogrammet ein *sjølv* føretrekker, og er van med, til å lesa meldingane. Brukar ein for eksempel eit godt e-postprogram, kan ein få vist meldingane «trådordna», der dei ulike temaa som vert tekne opp, vert organiserte i eit visuelt hierarki (som «trådar»).
Når ein svarar på meldingar, har ein på e-postlister tradisjonelt skrive svara under spørsmåla, som forklart i denne (veldig gamle men gode) rettleiinga https://www.bjorseth.no/usenet/quoting.html, og dette er anbefalt.
Merk forresten at alle meldingane som kjem til denne lista har prefikset «[l10n-no]» i emnelinja. Dette gjer at ein lett kan setta opp e-postprogrammet sitt til automatisk å flytta meldingane til ei eige mappe, slik at ein får diskusjonane samla der, og ikkje i sjølve innboksen, om ein føretrekker dette. (Avanserte brukarar kan heller bruka «List-Id»-linja i meldingshovudet.)
Så det var kortversjonen.
Når det gjeld dei andre listene, er det slik at me før (frå cirka år 2000) hadde *tre* lister for omsetjing av fri programvare til norsk, éi for norsk generelt, éi for bokmål og éi for nynorsk. Tanken var at diskusjonar som gjaldt begge målformene skulle skje på norsklista, mens målformspesifikke diskusjonar skulle skje på dei to sidelistene (i tillegg var det ei eiga liste for nordsamisk). Det var nok ein betre idé i teori enn i praksis, og dei fleste diskusjonane gjekk føre seg på felleslista. No er dei tre listene (av tekniske grunnar) lagde ned, og me har éi liste, som gjeld både bokmål og nynorsk.
Den offisielle skildringa av kva liste er meint å brukast til er:
«E-postliste for omsetjing av fri programvare til norsk, både nynorsk og bokmål. Her diskuterer me terminologi og ordformer, kunngjer nye program og appar som er tilgjengelege på norsk og samordnar ulike omsetjingsprosjekt. Lista er open for alle som er interesserte i fri programvare på norsk, også folk som ikkje arbeider med omsetjing. Listearkivet er offentleg tilgjengeleg. Oversikta over medlemmar er tilgjengeleg (berre) for andre medlemmar.»
Dette er ikkje meint som ei veldig *streng* avgrensing, og er open for revisjon. Det er altså heilt innanfor å gå *litt* utanfor temaet. Viss ein for eksempel driv med omsetjing av fri kultur (eks. bøker under ein fri lisens) og har nokre språkspørsmål (eller vil kunngjera ei ny omsetjing), går det fint å senda ein e-post her til lista. Og sidan lista for omsetjing av fri programvare til *nordsamisk* ikkje lenger finst, kan dette vera ei naturleg liste å skriva til om ein vil starta opp ei slik omsetjing. (Viss dette skjer, kan eg oppretta ei eiga e-postliste for nordsamisk.)