Karl Ove Hufthammer wrote:
Kolbjørn Stuestøl:
I Windows er språkpakkane der med språkkodene «no» og «nb» (som er identiske i innhald) for norsk.
«no»?
Kvart språk ligg i kvar si mappe. Dei norske mappene heiter «no» og «nb». Identisk innhald.
Eg held på med «nn», men som du har sett i forumet, er det mykje som må avklarast først. Veit ikkje korleis det er i GIMP/Linux. Har forstått det slik at dei må lastast ned spesielt.
På Mandriva følgjer iallfall omsettingane til programmet med hovudpakken, mens hjelpefilene ligg i eigne pakkar for kvart språk.
Det var slik eg trudde det fungerte i alle utgåver ...
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Nei, no ser alt ut til å fungera fint (med unntak av at du ikkje har skikkelig signaturskilje).
Takker.
Men Thunderbird er då triviell å setta opp, og utvilsomt ein betre e-postlesar enn OE (det skal ikkje so mykje til!). Og so er han tilgjengelig på nynorsk òg …
Ja. Thunderbird-en er OK i maskinen min, men eg har (førebels) ikkje fått tilgang på breiband. (Har søkt sidan årtusenskiftet). I ein periode var eg avhengig av å kunne lese e-posten frå mange ulike maskiner. Difor lagring på servaren. Sidan Thunderbird naturlegvis oppfattar all denne posten som ikkje nedlasta, må han altså hentast før nyare meldingar er tilgjengelege. Må låne breiband og tøme kontoen først. Helsing Kolbjørn