Er det råd å samordna språkfilene i KDE og GNOME slik at program som bruker desse kan bruke desse direkte utan å legge inn vilkårssetningar (if-setningar) om at dersom det ikkje finn det eine settet kan prøve det andre? Dette er ikkje mitt fagområde, men kanskje noen i forumet kan svare eller gi råd? Sitat frå brev frå Nils M. Nielsen:
"Problemet ser ut til å være at gimp nytter gnome språkfiler. Om en setter Kubuntu til et språk, i dette tilfelle norsk bokmål, så oppfatter gimp ikke språkfilene under KDE, og Adept finner ikke at det mangler språkfiler for gimp. Altså må det på en eller annen måte legges inn en avhengighet i.deb-pakken til gimp som forteller at hvis "locales" mangler skal de installeres. ... Jeg bruker KDE og regner med at mangler fylles inn av pakkehåndtereren når det gjelder gnome-pakker. - Det ideelle ville jo være at språkfilene for KDE og GNOME kunne brukes om hverandre."
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Kolbjørn Stuestøl Stuestøl N4580 Lyngdal webside: http://home.online.no/~kol-stue/
Kolbjørn Stuestøl:
Er det råd å samordna språkfilene i KDE og GNOME slik at program som bruker desse kan bruke desse direkte utan å legge inn vilkårssetningar (if-setningar) om at dersom det ikkje finn det eine settet kan prøve det andre?
Eg forstår ikkje kva du skriv, men det skal ikkje vera nokon som helst problem å bruka KDE og GNOME om ein annan. Dei fleste gjer vel det. GNOME brukar miljøvariablane LANG og LANGUAGE, og so lenge desse er sett, skal alle GNOME-program (og alle andre ikkje-KDE-program) dukka opp i rett språkdrakt.
Sjølv brukar eg følgjande i mi «~/.bashrc»-fil:
export LANGUAGE=nn:no:nb:da:en_GB:en@quot export LANG=nn_NO.UTF-8 export LC_ALL=nn_NO.UTF-8
"Problemet ser ut til å være at gimp nytter gnome språkfiler. Om en setter Kubuntu til et språk, i dette tilfelle norsk bokmål, så oppfatter gimp ikke språkfilene under KDE, og Adept finner ikke at det mangler språkfiler for gimp.
Når det gjeld automatisk installering av språkfiler, er det opp til distroane korleis det skal gjerast. For dei fleste program i dei fleste distroar følgjer språkfiler for alle språk med i same pakke som programma. (Unntak er visse «store» program med «store» språkpakkar, som OpenOffice.org, KOffice og Mozilla-samlinga).
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Nei, no ser alt ut til å fungera fint (med unntak av at du ikkje har skikkelig signaturskilje).
Takker for svaret.
Karl Ove Hufthammer wrote:
Kolbjørn Stuestøl:
Er det råd å samordna språkfilene i KDE og GNOME slik at program som bruker desse kan bruke desse direkte utan å legge inn vilkårssetningar (if-setningar) om at dersom det ikkje finn det eine settet kan prøve det andre?
Eg forstår ikkje kva du skriv, men det skal ikkje vera nokon som helst
Det var *svært* uklårt skrive av meg. Men du har likevel fått tak i essensen.
problem å bruka KDE og GNOME om ein annan. Dei fleste gjer vel det. GNOME brukar miljøvariablane LANG og LANGUAGE, og so lenge desse er sett, skal alle GNOME-program (og alle andre ikkje-KDE-program) dukka opp i rett språkdrakt.
Sjølv brukar eg følgjande i mi «~/.bashrc»-fil:
export LANGUAGE=nn:no:nb:da:en_GB:en@quot export LANG=nn_NO.UTF-8 export LC_ALL=nn_NO.UTF-8
"Problemet ser ut til å være at gimp nytter gnome språkfiler. Om en setter Kubuntu til et språk, i dette tilfelle norsk bokmål, så oppfatter gimp ikke språkfilene under KDE, og Adept finner ikke at det mangler språkfiler for gimp.
Når det gjeld automatisk installering av språkfiler, er det opp til distroane korleis det skal gjerast. For dei fleste program i dei fleste distroar følgjer språkfiler for alle språk med i same pakke som programma. (Unntak er visse «store» program med «store» språkpakkar, som OpenOffice.org, KOffice og Mozilla-samlinga).
I Windows er språkpakkane der med språkkodene «no» og «nb» (som er identiske i innhald) for norsk. Eg held på med «nn», men som du har sett i forumet, er det mykje som må avklarast først. Veit ikkje korleis det er i GIMP/Linux. Har forstått det slik at dei må lastast ned spesielt.
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Nei, no ser alt ut til å fungera fint (med unntak av at du ikkje har skikkelig signaturskilje).
Takker. Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl:
I Windows er språkpakkane der med språkkodene «no» og «nb» (som er identiske i innhald) for norsk.
«no»?
Eg held på med «nn», men som du har sett i forumet, er det mykje som må avklarast først. Veit ikkje korleis det er i GIMP/Linux. Har forstått det slik at dei må lastast ned spesielt.
På Mandriva følgjer iallfall omsettingane til programmet med hovudpakken, mens hjelpefilene ligg i eigne pakkar for kvart språk.

Takker.
Men Thunderbird er då triviell å setta opp, og utvilsomt ein betre e-postlesar enn OE (det skal ikkje so mykje til!). Og so er han tilgjengelig på nynorsk òg …
Karl Ove Hufthammer wrote:
Kolbjørn Stuestøl:
I Windows er språkpakkane der med språkkodene «no» og «nb» (som er identiske i innhald) for norsk.
«no»?
Kvart språk ligg i kvar si mappe. Dei norske mappene heiter «no» og «nb». Identisk innhald.

Det var slik eg trudde det fungerte i alle utgåver ...
(Har førebels ikkje fått set opp Thunderbird slik eg ønskjer, og bruker difor framleis OE, nå set til teiknkode UTF-8. Verkar det OK eller lager Windows framleis krøll?) Helsing
Nei, no ser alt ut til å fungera fint (med unntak av at du ikkje har skikkelig signaturskilje).
Takker.
Men Thunderbird er då triviell å setta opp, og utvilsomt ein betre e-postlesar enn OE (det skal ikkje so mykje til!). Og so er han tilgjengelig på nynorsk òg …
Ja. Thunderbird-en er OK i maskinen min, men eg har (førebels) ikkje fått tilgang på breiband. (Har søkt sidan årtusenskiftet). I ein periode var eg avhengig av å kunne lese e-posten frå mange ulike maskiner. Difor lagring på servaren. Sidan Thunderbird naturlegvis oppfattar all denne posten som ikkje nedlasta, må han altså hentast før nyare meldingar er tilgjengelege. Må låne breiband og tøme kontoen først. Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl:
I Windows er språkpakkane der med språkkodene «no» og «nb» (som er identiske i innhald) for norsk.
«no»?
Kvart språk ligg i kvar si mappe. Dei norske mappene heiter «no» og «nb». Identisk innhald.
Det synest eg er rart.
Men Thunderbird er då triviell å setta opp, og utvilsomt ein betre e-postlesar enn OE (det skal ikkje so mykje til!). Og so er han tilgjengelig på nynorsk òg …
Ja. Thunderbird-en er OK i maskinen min, men eg har (førebels) ikkje fått tilgang på breiband. (Har søkt sidan årtusenskiftet). I ein periode var eg avhengig av å kunne lese e-posten frå mange ulike maskiner. Difor lagring på servaren.
Støttar ikkje e-postleverandøren din IMAP?
Thunderbird er ikke nødvendigvis så god. Den har tidligere hatt en feil som har gjort at e-post rett og slett forsvinner når man flytter den mellom mapper. Dette skapte store problemer på min tidligere arbeidsplass. Jeg har ikke sjekket om Thunderbird fortsatt har denne feilen.
mvh Alexander Rødseth
Alexander Rødseth wrote:

Jeg har brukt programmet i lang tid uten at jeg har merket noe til den feilen, kanskje jeg har hatt flaks eller vært uoppmerksom?
Hilsen Axel
Hei,
Den 06.12.07 skrev Axel Bojer axelb@skolelinux.no følgende:

Kanskje du ikke har brukt søkemapper/virtuelle mapper?
- Alexander

Joda, og med virtuelle mapper har jeg hatt problemer, men selve innholdet er jo ennå der, derfor bruker jeg en blanding av ekte og virtuelle mapper nå :-)
Hilsen Axel
On Mon, 2007-11-26 at 16:32 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sjølv brukar eg følgjande i mi «~/.bashrc»-fil:
export LANGUAGE=nn:no:nb:da:en_GB:en@quot export LANG=nn_NO.UTF-8 export LC_ALL=nn_NO.UTF-8
LC_ALL overstyrer LANG og alle andre LC_xxx, så det er ikkje noko poeng å setje båe delar. det fungerer altså slik at LANG spesifiserer kva som skal brukast om når ikkje noko anna er spesifisert. ein kan nemleg velje å få sortering på engelsk og programtekster på norsk, ved å seie
LC_MESSAGES=nn_NO.UTF-8 LC_COLLATE=en_US.UTF-8
viss LANG er nn_NO.UTF-8, er det overflødig å setje LC_MESSAGES.
som ein kuriositet kan eg nemne at eg brukar LC_TIME=en_DK.UTF-8, då får eg engelske klokkeslett, men med 24-timars klokke. det er altså mogleg å blande relativt fritt, sjølv om det i ein del tilfelle vil vere varierande kor godt det passar saman.