Språkfeil i norsk LibreOffice. Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842 ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.
Er du brukar av LibreOffice og oppdagar feil som har med dei norske versjonane å gjere, anten det er språkfeil, feil i lenker, eller kva det måtte vere, ville det vere til stor hjelp om du i staden for å ergra deg over feilen, tok deg eit par minutt til å legga ut ei melding om det her i forumet. Sjølvsagt med såpass beskriving av feilen og kvar han er at det er råd å finne han igjen for omsetjarane. (Programfeil må rapporterast andre stader).
Systemet arbeider litt sakte, så det kan hende feilen eigentleg er retta, men ikkje komen med i dei siste oppdateringane. Det vil såleis også ta litt tid før rettingane blir synlege. Som oftast ved neste versjon, men ikkje alltid då heller.
Vi prøver å halde oss til «Språklege retningslinjer» (http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html) og «Fellsesordliste for dataord på bokmål» (http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#mitered), men mange av omsetjingane er gjort av ulike personar til ulike tider. Dette har ført til språklege inkonsekvensar som også bør rettast.
Omsetjingane blir nå utførte for versjonane 4.1 og 4.2 av LibreOffice.
Ser fram til å få hjelp av deg.
Helsing Kolbjørn