Språkfeil i norsk LibreOffice. Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842 ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.
Er du brukar av LibreOffice og oppdagar feil som har med dei norske versjonane å gjere, anten det er språkfeil, feil i lenker, eller kva det måtte vere, ville det vere til stor hjelp om du i staden for å ergra deg over feilen, tok deg eit par minutt til å legga ut ei melding om det her i forumet. Sjølvsagt med såpass beskriving av feilen og kvar han er at det er råd å finne han igjen for omsetjarane. (Programfeil må rapporterast andre stader).
Systemet arbeider litt sakte, så det kan hende feilen eigentleg er retta, men ikkje komen med i dei siste oppdateringane. Det vil såleis også ta litt tid før rettingane blir synlege. Som oftast ved neste versjon, men ikkje alltid då heller.
Vi prøver å halde oss til «Språklege retningslinjer» (http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html) og «Fellsesordliste for dataord på bokmål» (http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#mitered), men mange av omsetjingane er gjort av ulike personar til ulike tider. Dette har ført til språklege inkonsekvensar som også bør rettast.
Omsetjingane blir nå utførte for versjonane 4.1 og 4.2 av LibreOffice.
Ser fram til å få hjelp av deg.
Helsing Kolbjørn
su. den 16. 03. 2014 klokka 15.04 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Språkfeil i norsk LibreOffice. Både brukargrensesnittet (97 426 ord) og hjelp for LibreOffice (437 842 ord) er språkleg svært omfattande. Mykje av dette er omsett til bokmål og nynorsk, men det seier seg sjølv at det i praksis er uråd å unngå feil. Så det hadde vore fint å få litt hjelp.
Minner om at ein kan bruka Pology-skriptet ‘check-rules’ til å finna mange språkfeil i omsettingsfilene automatisk. (Førebels er berre nynorsk støtta her.)
For øvrig veldig kjekt at det vert arbeida med omsettinga av LibreOffice til norsk. Det hender eg brukar programmet, og då er det veldig hyggeleg å sjå at det er på nynorsk.
Den 01.04.2014 22:04, skreiv Karl Ove Hufthammer:

Eg arbeider i Windows og bruker Cygwin for å emulere Linux. Eg køyrde Pology på UI-filene for GIMP, men git og pology arbeidde ikkje godt samen i Cygwin. Truleg noen filer eller adresser som blei overskrive. Planen var å finne ut av kva årsaka til krasjet var, men det finst eit par andre ting også å finne på, særleg på denne årstida. :-) Sjølve kontrollprosessen med Pology verka heilt fint. Fann opp til mange feil og inkonsekvensar.
Helsing Kolbjørn
Det er en del tilknyttet både bokmål og nynorsk, men svært få av disse er aktive. Enkelte vil derfor miste tilgangen jeg har gitt dem.