Sjur Moshagen skreiv 19.08.2025 15:33:
Hei! Er det nokon som har forslag til omsetjing av det engelske ordet ‘slug’ slik det er brukt av programmerarar?
Det er vel ikkje typisk for programmerarar, men heller nettsideutviklarar. På engelsk er det jo eit veldig lite brukarvennleg ord (uforståeleg for meiningmann), så det vert forhåpentlegvis berre brukt i veldig tekniske samanhengar. Og i slike samanhengar er nok «slug» det beste ordet på norsk òg.
Viss omgrepet skal presenterast for «vanlege folk», bør ein bruka eit anna og meir forståeleg ord, både på engelsk og norsk. Viss det for eksempel er snakk om ei publiserings- eller bloggform der ein skriv ein manuell «slug» for å identifisera artiklar/innlegg med ei «fin» nettadresse, kunne ein brukt «artikkel-ID» eller «innleggs-ID».
Eg sjekka kva som er brukt i brukarflata til Wordpress, men der har dei (klokeleg) valt å la det stå namnlaust. Det er presentert slik:
Fastlenkje: https://eksempel.no/artiklar/tips-om-a-na-til-topps
Her er slug-en («tips-om-a-na-til-topps») eit redigerbart skrivefelt, mens resten av nettadressa (og leieteksten «Fastlenkje:») er vanleg, uredigerbar tekst.