On 22 May 2017, at 21:16, Karl Ove Hufthammer wrote:
Fann følgjande syntaksfeil i nynorskomsetjingane. Gjer vel og rett opp i desse.
Eg vart fegen då eg såg dette uttrykket - «gjer vel» - så fegen at eg tok det i bruk den omsetjinga eg driv med. (XMLMindEditor, sjå www.xmlmind.com)
Men sidan sitatet ovanføre handlar om syntaks, fekk eg hug å koma med eit synspunkt:
Fyrst: «Gjer vel» kan vera ei omsetjing av «please», på same måte som «Ver god» og «Ver så god», eller «Ver snill».
So: Over til syntaksen: Skal det koma ein infinitiv etter «Gjer vel»? Eller skal det koma eit «og»? Svaret er gjerne ikkje opplagt.
Hercules Poirot plar seia «Please to be quiet». Dette gjer han - gjerne - fordi han tolkar «be quiet» som ein infinitiv, medan det i røynda er ein imperativ. Poirot tek altså feil.
Men «gjer vel» er ikkje heilt ut ein parallell til «please». «Please» er eit adverb - iallfall har det den rolla her. Medan «gjer vel» er eit verb. Ja, det er faktisk ein imperativ. Og me har jo «lært på skulen» at to imperativar skal koplast saman med ein «og» og ikkje med ein «å». Og det er jo korrekt. Men skal det vera - er det naudsynt med - ein imperativ etter «gjer vel»?
I Nytestamenmtet er det mange doble imperativar. Til dømes «Gå og sei» eller «Gå og fortel». I moderne daglegtale: «Gå og tenk». Men forma på desse er, i prinsippet «Gå og gjer (i tillegg) noko anna». Dette i motsetnad til «Gjer vel og rett opp»: Her er det snakk om å gjera noko godt, eller gjerne heller: å handla på ein god måte - ved hjelp av ei anna handling. «Gjer vel ved å retta opp». Når me seier «Ver så god» samtidig med at me gjev nokon eit eple, så meiner me «Ver så god at du tek i mot dette eple ifrå meg». Med andre ord: «Ver så god å ta i mot».
Det eg vil fram til er at eg synest det hadde vore rimelegare med «Gjer vel å retta opp» - altså kombinera bydeforma «Gjer vel» med eit infinitivsuttrykk. Det er ikkje det at eg meiner at det er prinsippielt gale slik det står no - noverande uttrykk er mogeleg. Men det er ein tydingsskilnad.
T.d. «Ver så god å gå!» er ikkje det same som «Ver så god, gå!». Det siste oppfattar eg som i prinsippet det same som «Ver så god og gå!» («Ver så god at du går».)
Kan de gjera så vel å tenkja litt over dette?
God dag!
Leif Halvard Silli