Kva heiter "reflowable" på norsk? Eit (elektronisk) dokument er "reflowable" når utsjånaden kan variera ut frå media det blir vist på. T.d. er eit HTML-dokument "reflowable" sidan det kan ha ulik form etter kva nettlesar det blir vis i. I motsetnad til fast utforming. Ser at tysk har omsett med "Mitfließend" og dansk med "Ombrydelig". Sikkert omsett til andre språk også, men det har eg ikkje kontrollert. «Flytande utforming» blir vel litt unøyaktig? Gjeld omsetjinga av brukargrensesnittet og hjelpsidene for LibreOffice. Forklaringa på hjelpsidene seier "Reflowable: The content flows, or reflows, to fit the screen and to fit the needs of the user." Helsing Kolbjørn Stuestøl
--- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus