Eg omset eit par prateprogram (à la IRC) for tida. Der kan ein diskutera emne i ulike «kanalar» eller «rom». Viss ein brukar oppfører seg dårleg, kan ein (administrator) gjera ei «Kick»-handling på brukaren, som fjernar vedkommande frå kanalen/rommet.
Eg omsette meir eller mindre automatisk dette til «Spark ut». Men no begynner eg å lura på om dette eigentleg er ein anglisisme. Me kan *kan* jo sparka folk ut (eller «på dør») på norsk, men det er vel meir vanleg å seia at ein «kastar» (eller «hiv») dei ut, ikkje sant?
Det er eitt ord til som eg lurar på. Når ein person er «kicked» frå ein kanal / eit rom, kan dei komma inn igjen. Men administratoren kan eventuelt gå meir drastisk til verks med eit «ban». Då kan ikkje brukaren komma inn i det heile teke. Eg og andre har brukt «bannlys»/«bannlysing» her. Men det høyrest veldig alvorleg, nesten religiøst, ut. Er det ikkje meir naturleg og forståeleg å snakka om «utestenging»? Kva bør i å så fall verbet i imperativ vera, «Utesteng [brukar]» eller «Steng ut [brukar]»?
Det finst òg eit komboverb, «kickban». Her vil eg heller skriva det heilt ut, for eksempel «Kast ut og utesteng [brukar]».
Synspunkt?