Kjetil Torgrim Homme skreiv 08.05.2020 23:12:
snakkar du om namn på funksjonane eller er dette frå hjelpetekster? sidan du brukar store bokstavar, reknar eg eigentleg med fyrstnemnte. eg ville fulgt Excel. gjerne engelsk Excel, eg ser ikkje noko poeng å finne opp hjulet på nytt, og det gjer ikkje livet lettare for brukarane at dei må skrive ACOS i nynorsk LibreOffice og ARCCOS i engelsk Excel.
Det må dei heller ikkje. Dei må skriva ACOS i engelsk Excel, ACOS i engelsk LibreOffice og ACOS i nynorsk LibreOffice. Det er Excel på bokmål som skil seg ut med ARCCOS. (I Excel på nynorsk heiter det ACOS.)
Det er vanleg i (*veldig* mange) programmeringsspråk at funksjonane heiter acos osv., så det vert lettare for dei fleste om me held oss til det.
i fritekst ville eg skrive "arcus cosinus".
Dette vert då frykteleg gammaldags. I våre dagar seier me vel «invers cosinus» eller «cosinus invers» på norsk. Men eg skal innrømma at «arcus tangens hyperbolicus» har ein viss schwung over seg. :)