Ingen som bruker "nisse" for daemon, så enig i at det er best at den utgår.
Men om den likevel skal være med, så må fremdeles "deamon" rettes til "deamon" i listen.
Thomas
On Wed, 7 Aug 2024, Karl Ove Hufthammer wrote:
Karl Ove Hufthammer skreiv 26.07.2024 18:08:
Det neste me bør gjera, er kanskje å legga inn forslaga til nye ord frå Ole-Erik Yrvin. Han kom med desse i oktober 2018. Det er nok ikkje alle som høyrer heime i fellesordlista vår (eks. «across» bør vel heller få stå i ei vanleg engelsk–norsk ordbok), men eg limer iallfall inn heile lista her. Kom gjerne med tilbakemelding på enkeltord.
Eg har no gått igjennom alt i lista frå a–h, prøvd å ta omsyn til kommentarane her på lista og synsa litt sjølv. Her er mitt forslag:
acknowledge(verb) -ment (subst) – anerkjennelse, bekreftelse, kreditering across – over, mellom announced – varslet barring – sperring, unntak utgår (generelle ord)
batch – rekkefølge, bunke, haug, samling
belief – syn, oppfatning, tro, holdning utgår (generelt ord)
board, circuit+ – kretskort, datakort, kort boot loader – oppstartslaster, oppstarter → oppstartslaster
business – foretak, virksomhet, bedrift utgår (generelt ord)
call – påkalle → kall (-s) / kalle (-v) [programmering], samtale/oppringing («video call» → «videosamtale»)
case study – enkeltstudie, studie av en enhet utgår (generelt ord)
chroot - chroot utgår (generelt ord)
commons – allmenning, fellesskap, fellesskapseie, forening, allemannseie, (kreativt) felleseie, allmenneie utgår (er vel mest relevant når det gjeld «Creative Commons», og då skal det ikkje omsetjast)
community – samarbeidsfelleskap, forening → fellesskap, (nettsamfunn)
compatibility – samsvar vert vel helst kalla kompatibilitet «samsvar» passar sjeldan kan nokre gongar omskrivast utgår?
confer - tildele confer tyder jo ikkje tildele, så veit ikkje i kva samanheng dette er aktuelt har ikkje sett ordet brukt, så utgår?
confined – utestengt, innestengt corresponding – overensstemmende - samsvarende utgår (generelle ord)?
crack – innbrudd, forsøk, inntrengning, åpning, sprekk → knekke (eks. passord), bryte seg inn i?
creator – bidragyter, produsent, utføre, innholdsleverandør Denne er litt meir komplisert. Ofte er det snakk om «creator» av eit dataprogram, og då passar «opphavsperson» bra. Men i spesifikt PDF-metadata tyder «Creator» programmet som dokumentet vart laga i. Så det kan «Opphavsprogram» fungera. Så føreslår: «opphavsperson, (i PDF-metadata:) opphavsprogram»
credit – anerkjennelse, henvisning Står alt «credits» i ordlista: «medvirkning/medvirkende, bidrag(-sytere)» Ville nok helst byta rekkjefølgja, då det i dataprogram er snakk om bidragsytarar.
curate – hjelpe, bote, rette, kurere, støtte utgår (generelt ord, og omsettingane her er uansett feil)
dashboard – skjermbilde, grensesnitt omsettingane passar ikkje generelt (men kan gjera det i enkelte tilfelle) ville vel heller hatt «oversiktsbilde, dashbord», men dette er veldig kontekstavhengig
databoard – se board utgår (uaktuelt)
deamon – nisse Det evige nisseproblemet! Dette har me diskutert og krangla om i over 20 år! Men er det verkeleg folk som synest «nisse» er eit uttrykk for «daemon» *i dag*? Ordet vart innført i fellesordlista i 2003 med grunngjeving av at det då alt var brukt 160 gongar i KDE. I dag er det brukt nøyaktig 0 gongar, så det argumentet held ikkje. Og det er jo òg slik at ein brukar «daemon» mindre og mindre på engelsk (det er eit forvirrande ord, med religiøse konnotasjonar), og går over til «service». Og «tjeneste» på norsk er jo den naturlege omsetjinga, som òg er mykje brukt (eks. i Microsoft-programvare). Så eg anbefaler: «tjeneste»
deconfigur - før grensesnittet tas ned utgår (rart ord?)
dedicated – egne, øremerket veldig kontekstavhengig. Ein har «dedicated» maskinvare og «dedicated GPU». Og «dedicated (Internet) connection» står alt i fellesordlista («fastlinje, fast internettforbindelse») utgår?
defaser – gjøre uleselig utgår (sjeldan ord)
deploy - utplassere dette ordet bør med, men eg er usikker på om «utplassere» er eit godt ord. I mine omsettingar har eg komma unna med ulike variantar og omskrivingar: (eks. «Deploying images...» → «Tek i bruk diskbilete», «network deployment», «nettverksinstallering», «Select the disk to deploy the image to» → «Vel disken du vil leggja diskbiletet på», «Self hostable, easy to deploy, via <1>Docker</1>, or <2>Ansible</2>.» → «Kan driftast privat – lett å setja opp via <1>Docker</1> og <2>Ansible</2>», «deployments» → «utrullingar»)
derive – avlede utgår (generelt ord)
diskdrive - platelager lagar heller nokre separate ord for ulike variantar her (kjem tilbake til denne) («platelager» er ikkje aktuell)
distinguised – øremerket, eget, kjenne- tegnet, atskilt Einaste plass eg kjem på dette er aktuelt, er i LDAP-samanheng, for DN («Distinguished Name», som eg har omsett som «Eintydig namn») utgår?
dual booth – dobbelt oppstart OK (viss me fjernar t-en i «dobbelt» og h-en i «booth»)?
endeavour – innsats, bestrebelse, oppgave, anstrengelse, forsøk, gjøre alt man kan, innholdsleverandør, innhold utgår (generelt ord)
federative - samvirkende Er vel helst snakk om «federated», som me ofte kan kalla «koblet sammen» og i meir teknisk samanheng «fødererte»? Eller er «samvirkende» OK?
fly – i flukten, underveis utgår (generelt ord)
generate – generere, lage, opparbeide Kanskje «lage» først? Eg over overraska over kor ofte det fungerer (eks. «Generating key pairs...» → «Lagar nøkkelpar...»). Forslag: «lage, generere»
grant – donasjon, gave, overføring, bevilgning, avsetning I datasamanheng er det vel vanlegvis snakk om å «grant access» og sånt, og då er jo «gi tilgang» o.l. (ofte «gje løyve» på nynorsk) aktuelt. utgår, sidan det er eit ganske generelt ord.
hash tag - emneknagg OK, så lenge ein forstår at det er snakk noko slikt: #emneknagg
hard disk drive - platelager → harddisk
hypertread - hypertrådet → «hyperthread(ed) → hypertråd(et)»
Open for kommentarar. (Og resten av alfabetet følgjer ein annan dag.)