Kjetil Torgrim Homme:
tracker → sporar
om ein heller skal sjå på funksjon, kunne kanskje noko i retning "organisator" fungere. (det står heilt stilt for meg akkurat no.)
Eg synest «organisator» er bra. Men «sporar» er jo meir i tråd med originalteksten, noko som kanskje kan gjera ordet lettare å forstå for dei som er vane med det engelske ordet.
peer → delar?
eg ville valt "deltakar".
Hørest bra ut.
seeder → delar
her ville eg sagt "kjelde".
KTorrent støttar jo (RSS-)kjelder, so det kan kanskje vera forvirrande. Eg vil foretreka «delar». Det passar òg fint med motstykket «nedlastar» (sjølv om han/ho òg kan dela).
leecher → nedlastar
den er god.
chunk → blokk
Før brukte KTorrent «bit». Det var veldig forvirrande. Eg har sett program bruka «stykke», men eg synest ikkje det var so bra heller. Eg ville gått for «blokk».