2001-10-17 19:07:49, Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no:
Catch up Det har me snakka. Treng desperat forslag til omsetjing.
Eg synest at det engelske uttrykkjet var veldig dårleg.
Tydinga ligg ikkje i ordet, nei.
Eg ville kalla det "jukse-synkronisering" eller noko slikt.
Nja, det er jo ikkje noko juks i det.
Chunk size Forslag? Me har òg feilmeldinga 'Error reading chunked response body'.
"Oppdelingsstorleik", "oppdelt svar".
Takk.
Hugs på at ein godt kan bruke andre setningsstrukturar enn på engelsk. Det løner seg ofte å skrive om til verbalfraser.
Ja, eg har gjort det fleire plassar. For eksempel blir ikkje
«This application does not have SSL support.»
til
«Dette programmet har ikkje SSL-støtte.»
men til
«Dette programmet støttar ikkje SSL.»
Ser òg at preteritum ofte fungerer betre enn perfektum:
Det har oppstått ein feil --> Det oppsto ein feil
Response body/header
Klassisk problemord.
Ja.
Har dessverre ingen flott fasit.
Nei. :(
Remote
Tilkopla?
Nei.
Followed Er litt usikker på kor denne blir brukt.
Use the Source, Luke!
Greitt. Uff. ;)
Be quiet while performing the operation Be silent while perforing the operation Forslag til omsetjing?
"Ver stille", og "ver pistestille"? :) "tyst"/"tagal"
Eller fåmælt og tyst, kanskje? Skal tenka på det.
The server does not support the executable live property. Denne forstår eg ikkje.
UTSL eller spør utviklaren.
OK.
If this message persists, turn off safe mode. Slå på sikkermodus viss denne meldinga held fram.
"av", meiner du vel.
Ja. Skal fiksa det.
Usikker på kva eg skal omsetja 'persists' til.
Alternativ er "ikkje går bort", "ikkje forsvinn".
Takk.
Server does not allow partial GETs. Tenaren kan ikkje handtera delvise GET-kommandoar. 'delvise' hørest litt rart ut.
Skriv om,
Korleis?!
eller bruk "partiell" som eit slags faguttrykk.
Tenkte på det. Er kanskje den beste løysinga, ja.
Non-recoverable error in resolver library. Kva kan 'Resolver library' omsetjast til?
"det delte biblioteket for namneoppslag"
Namneoppslag var ordet eg leitte etter! Men er det nødvendig å ta med 'delte'?
Eg synest vi kan halde oss til "flagg" om "option" for kommandolinjeverkty,
Som sagt er eg *veldig* ueinig.