Interessant utgreiing. Språk er jo ofte tillærte vaner. Her er det i det minste tatt nokre gjennomtenkte val i alle fall i nokre av tilfella. Eg veit ikkje kva som blei brukt først når det gjeld ordet prøve. Truleg blir det såleis eit tilfeldig val om det blir prøva eller prøven. Som sagt tidlegare, blir dette ikkje endra dei første dagane pga. andre prosjekt.
Kolbjørn
Den 23.08.2021 21:38, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kjetil Torgrim Homme skreiv 18.08.2021 22:51:
On Mon, 2021-08-09 at 10:20 +0300, Sjur Moshagen wrote:
Hei!
Eg røysta førre veke for _ei_ prøve, men det kan sjå ut som om meldinga mi ikkje kom gjennom. Kjem denne, tru?
begge kom gjennom. som sunnmøring stemmer eg også for hokjønn. på sunnmørsk er alle substantiv på -e hokjønn: ei kasse, ei maskine, ei potete, ei appelsine, osv.
Eg kan kanskje seia noko om korleis me tradisjonelt har gjort det i omsetjingane der me har valfridom.
Ofte er det ikkje nokon gode argument for eller imot den eine eller andre forma. Då er det gjerne førsteomsetjaren som legg malen, og me andre prøver å følgja denne. Me prøver òg å bruka same ord og ordformer på tvers av program. Og avleidde ord bør sjølvsagt ha same form. For eksempel bør me ikkje ha «postkasse» som hankjønn og «verktøykasse» som hokjønn. (Me har standardisert på hankjønn her.)
I nokre tilfelle vil den eine forma av eit ord kunne forvekslast med eit heilt anna ord. Dette er meir vanleg i datatekstar enn i vanleg prosa, då me ofte har veldig korte tekstar. Det er for eksempel ein av grunnane til at me bøyer «å eiga» som «eigde» i preteritum (og adjektivformer) i staden for «åtte». «Åtte filer» kan lett tolkast som 8 filer.
Fleire hokjønnsord er slik. For eksempel kan teksten «Package %1» feiltolkast til å gjelda komprimering dersom me brukar hokjønnsforma, altså «Pakka %1» (imperativ eller adjektiv) i staden for «Pakken %1». Det er eit argument mot hokjønn i slike tilfelle. Men om det er sjeldan det dukkar opp tekstar det er fare for forveksling, er kanskje ikkje slike argument så vektige. (Men har me standardisert på hankjønn også her.)
Og til dels av historiske årsaker brukar me ein del «lærebokformer» der me har valet mellom dette og tidlegare «klammeformer».
Og så føretrekker me ofte kortare ord framfor lengre. Me skriv for eksempel «unntak» i staden for «unnatak», «mogleg» i staden for «mogeleg» og «å la» i staden for «å lata» (der desse to orda tyder same). Det er langt frå ein absolutt regel (me skriv «linje» i staden for «line»), men greitt som ein tommelfingerregel.