Axel Bojer:
Vi (altså oversetterne av OOo) vil gi en vurdering til styret, men det bør jo ses i sammenheng med annen programvare og andre oversetteres meninger også.
Eg òg synest det er viktig at dei ulike programma deler språknormal. Alt anna vil sjå rotete ut.
Kan for øvrig legga til at dei engelske originaltekstane i ulik programvare er veldig rotete når det gjeld dette, ikkje minst sidan dei er skrivne av folk frå alle nasjonalitetar (og gradd av utdanning og språkkjensle). Dette kan me unngå på norsk!
(Noe av bakgrunnen er utgivelsen av en lærebok om OOo skrevet på nynorsk, der forfatteren har en annen nynorsk-stil enn OOo-oversetterne).
Det må sjølvsagt forfattaren få lov til. Det finst jo for eksempel mange norske lærebøker i MS Office-programvare, med heilt forskjellig bokmålsstil.
So til forslaga:
OOo 2.4 Læreboka (= endringsforslag)
a-infinitiv e-infinitiv
Dette bør vera heilt uaktuelt, ikkje minst sidan det alt finst hundrevis av andre program omsette til nynorsk som konsekvent brukar a-infinitiv. Eg kan heller ikkje sjå noko grunngjeving for denne endringa.
me vi
Veldig pussig ord å reagera på (og godt gjort å ha funne!), då ordet «me» so vidt eg kan sjå er brukt nøyaktig *to* gongar i omsettinga (dette inkluderer omsettinga av hjelpetekstane, totalt nærare 65 000 originaltekstar).
lenkje lenke
Sjølvsagt uaktuelt, då ordet «lenke» ikkje *eksisterer* i læreboknormalen: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=lenke&nynorsk=S%...
bakarst lengst bak
Dette har då ikkje noko med nynorsk å gjera. Om ein vil bruka «bakarst»/ «bakerst» eller «lengst bak» bør jo 1) vera avhengig av samanhengen, og 2) vera tilsvarande på bokmål og nynorsk.
skjer av utsnitt (dette er nok det som heter «beskjær» på nb)
Men det finst då ikkje noko verb som heiter «utsnitt»?
gildskap gyldig verdi (gjelder regneark)
Igjen bør dette vera likt på bokmål og nynorsk. Viss nynorsk skal bruka «gyldig verdi», må bokmål òg gjera det. Men eg har ikkje noko imot å endra «gildskap» til «gyldigheit». Det vil trulig vera både meir naturlig og forståelig for brukarane.
sameina samordne (I OOo gjelder dette sammenslåing av celler, har vi funnet ut)
Veldig rart forslag. Å «sameina» og å «samordna» er jo to heilt forskjellige handlingar. For øvrig har me i nynorskomsettinga av KDE og andre program brukt «slå saman» om samanslåing av celler.