On 23 Feb 2017, at 19:38, Karl Ove Hufthammer wrote:
Karl Ove Hufthammer skreiv 22. feb. 2017 19:32:
KDE-programmet Dolphin har nyleg fått ein ny funksjon kalla «stash». Dette er kort sagt ei mellombels, virtuell mappe der ein kan putta filer og mapper for seinare flytting til ekte mapper. Det er litt som utklippstavlefunksjonen, berre for filer og mapper. Sjå https://community.kde.org/GSoC/2016/StatusReports/ArnavDhamija#A_Stash_KIO_S... for meir informasjon.
Forslag til kva me kan kalla dette på norsk?
Veldig bra at det kom so mange forslag! Her er ei oppsummering i kronologisk rekkefølgje (skrik opp om eg har gløymt nokon):
[...]
filboks [nytt forslag frå meg no]
Ikkje dumt. Men mange tenkjer lett at då må det sjå ut som ein boks, trur eg. Og det du har omtala høyrest ikkje ut som nokon boks.
depot [nytt forslag frå meg no]
Trur mange ikkje har peiling på kva eit depot er. Fildepot er då litt betre.
Nytt framlegg: filsamling(a). (Tenk: frimerkesamling) Nytt framlegg: filutval(et). (Fordi funksjonen høyrdest ut som eit lager for medvite/nøye utvalde filer. «Eg legg fila i filutvalet.» «Du kan leggja dei i filutvalet». Det høyrest ut som noko som kunne fungert.)
Sidan ordet skal visast på verktøylinja eller i ein meny, bør det vera ganske kort.
Samd. Men dersom det er god nok plass, kan det vel vera lenger ... ?
Eg trur me bør unngå ord med «lager» og «lagring» i seg, då det alt finst *mange* liknande termar. Ord som konnoterer langtidslagring (som «bod» – på nynorsk «bu») er heller ikkje ideelle.
Det som like vel kan tala for er at lager/lagring er nøytrale omgrep - eit lager kan sjå ut på hundre måtar. Eg tykkjer ikkje den funksjonen du har omtala (av utsjånad) minner om ein koffert, boks eller hylle.
Nokre ord om 'koffert' i same omgang: Når eg les din omtale av korleis funksjonen ser ut, so har eg vondt for å tenkja på det som til dømes ein koffert (som du gjorde framlegg om i ein seinare epost). På Mac har me forresten noko som plar - eller iallfall pla - heita fontkoffert. Fontkofferten var filer, eventuelt mapper, som var veldig vanskelege å opna, det kravde spesialverkty eller spesiell framgangsmåte iallfall. Assosiasjonen som dei spela på her var vel det med at ein koffert oftast har ein lås eller iallfall lukkemekanisme.
Å ha med «fil» i namnet kan vera uheldig, då «stash» òg kan innehalda mapper og symbolske lenkjer. Men på den andre sida er jo alt i Linux «filer».
Eg trur ikkje det er noko problem i praksis. Dolphin er dessutan ein filhandsamar - jamvelom om han og handsamar mapper ...
Min omsetjarstil er at eg, når eg meiner det er gagnleg, meir en gjerne fester eit prefiks, slik som fil-, framfor ordet, for å hjelpa tanken i rett retning. Det positive er det viktigaste: Du styrer tanken i retning av det som er omtrent korrekt. Ein «filkoffert» er lettare å skjøna enn «koffert». I praksis er heller ikkje det med at mapper er eller ikkje er filer ikkje noko problem.
«Haug» og «stabel» er vel lett å assosiera med tilhøyrande datastrukturar innan programmering, og det er ikkje slik «stash» fungerer, so vidt eg har forstått. Utan at dette er eit veldig stort problem.
Det var når eg las sette at eg kom på «samling», eller «filsamling», eller «kortidssamling». Passar med «frimerkesamling» og den typen ting. Nok ein gong (slik som ved lager) treng ikkje ei samling sjå ut på noko særskilt vis - det er innhaldet i samlinga som avgjer utsjånaden.
På mac har systemet og mange program fått «smartmapper». Dette er vel i grunnen berre søkjefilter som ser ut som, og oppfører seg som, mapper. Og funksjonen du omtalar er vel på ein måte berre noko slikt.
Leif Halvard Silli