Eg held på med å omsetje reknearkdelen av LibreOffice. Nokre av funksjonsnamna er brukte i finans, eit fag eg ikkje har peiling på. Difor kjem eg truleg tilbake med fleire spørsmål, men kan byrje med dette: "OPT_TOUCH": "Returns the pricing of a touch / no-touch option, calculated using the Black-Scholes option pricing model."
Eg fann ei fyldig forklaring på touch i finansiell samanheng på https://www.investopedia.com/terms/o/onetouchoption.asp, men kva heiter dette på norsk? Eller er bruksområdet så lite at det ikkje treng omsetjing? Fann ingenting om dette i https://oda.uib.no/app og heller ikkje på Excel sine nettsider. (Eg har ikkje Excel, så eg kan ikkje prøve om det finst der i ei eller anna form).
OPT er forkorting for "option" («opsjon»). OPT er såleis ikkje logisk på norsk. Bør kanskje heite OPSJON_?
Hadde ute eit spørsmål i i18n-no@lister.ping.uio.no i 2013 der denne og andre OPT_-funksjonar blei nærare forklart, men fann ingen svar i arkivet. Kanskje emnet er for spesielt?
Dei andre tre OPT_-funksjonane er omsette slik på bokmål (merk nokre feil) og nynorsk: OPT_BARRIER → OPT_GRENSE → OPT_GRENSE, OPT_PROB_HIT → OPT_SANNSYNLEG_TREFF → OPT_SANNSYNLEG_TREFF, (NB! Skale vere SANNSYNL_*I*_G) OPT_PROB_INMONEY → OPT_SANNSYNLEG_I_PENGAR → OPT_SANNSYNLiG_I_PENGER (NB! Feil «i»). Eg hugsar ikkje korleis eg kom fram til desse forslaga.
Det einaste for meg kjende språket funksjonen OPT_TOUCH er omsett er dansk. Der har dei brukt OPTION_BERØR. Vi har jo tøtsj på norsk :-)
Helsing Kolbjørn