Kolbjørn Stuestøl skreiv 10.12.2023 16:42:
I læreboka mi om databaser har de valgt å kalle det for "ikke-overgitte data". Om dette er en offisiell oversettelse vet jeg ikke, men boka inngår i en serie lærebøker som med fokus på å utvikle norskspråklig pensum for datafag, og har mottatt språkpris fra Den Norske Dataforeningen og Norsk Språkråd for arbeidet med å fornorske IT-uttrykk.
Takker så mykje. Dette burde vel vere god nok grunn til å bruke «ikkje-overgjevne data» for dette på nynorsk?
At uttrykket er brukt i ei norsk lærebok, er god grunn til å bruka det. Det er ikkje etablert terminologi (einaste søketreff eg finn, er nok basert på denne læreboka, eks. https://quizlet.com/402837563/database-videregaende-prog-flash-cards/), men kan jo bli det. (Hadde det ikkje vore for denne læreboka, hadde eg nok føretrekt Eriksens forslag «urene avlesninger», sidan det er så nært den engelske termen.)
Ordet «overgitte» har fleire tydingar på norsk, som motlaus/makteslaus og forundra/forbausa, men her er det vel tydinga «overlate» som er meint (dataa er ikkje enno overlatne/overleverte frå «arbeidsminnet» og til den «fysiske» databasen). Så eit alternativ til «ikkje-overgjevne» på nynorsk vil vera «ikkje-overlatne». Veit ikkje om det er eit *godt* alternativ, og det er kanskje ein fordel at den nynorske termen er så lik den bokmålske som mogleg.