Tysdag 22. juli 2008 skreiv Eirik U. Birkeland:
Nokre døme på bruk: *«Rip CD» *«Ripping music from CDs»
Så kva meiner de? Er dette eit ord som allereie er så mykje i bruk i norsk at vi kan/bør bruke det i omsetjingane, eller har de framlegg til andre gode ord som kanskje seier meir enn «å rippe» gjer?
Mi personlige meinig:
Eg har ikkje noko *veldig* imot nyordet, men eg synest i utgangspunktet er unødvendig og forvanskande.
Viss eg seier til mor mi at eg kan «rippa CD-ane hennar over til datamaskina», forstår ho ingenting. Viss eg derimot seier at eg kan kopiera eller overføra musikken, er det umiddelbart forklarande. Og i KDE foregår det jo til og med på same måten viss ein brukar adressa audiocd:/.
Eg ser ikkje den store vesensforskjellen mellom å kopiera musikk frå ein CD til ein harddisk og å kopiera musikk frå ein harddisk til ein MP3-spelar, og korfor me treng to forskjellige ord for dette.
Må til slutt innrømma at eg ikkje heilt veit kva folk faktisk meiner når dei snakkar om «å rippe». For ofte er det jo ikkje berre rippinga dei snakkar om, men i tillegg kodinga til eit lydformat som MP3, som er ein separat prosess.
Viss ein omset program der dette faktisk er to prosessar, kjem ein vel ikkje utanom å ha eit eige ord for «to rip». Men der ein har lagt inn alt som éin funksjon, er dette unødvendig (og strengt tatt direkte feil?).
Det hører vel òg med til historien at dei meir brukarvenlige programma for dette gjerne på *engelsk* brukar andre ord (som «transfer» eller «copy»).